Søk støtte til klimaomstilling og natur- og miljøtiltak

Sommerfugl i blomstereng - Klikk for stort bildeDei to tilskotsordningane for klimaomstilling og natur- og miljøtiltak har resterande middel som no blir lyst ut i ein ny søknadsomgang.

Søknadsfristen for begge tilskotsordningane er 22. oktober 2021.

Tilskot til klimaomstilling

Tilskotsordninga skal fremje klimaarbeidet i Rogaland, både klimatilpassing og klimagassreduksjon. Tilskot skal bidra til å no måla i Regionalplan for klimatilpassing og Regionalplan for energi og klima.

Sjå utfyllande informasjon, inkludert søknadsskjema og prosedyrar for tilskot til klimaomstilling.

Tilskot til natur- og miljøtiltak

Tilskotsordninga skal bidra til å ta vare på naturen som grunnlag for liv, utvikling og oppleving i Rogaland. Tilskot skal bidra til å no måla i Regionalplan for friluftsliv og naturforvaltning.

Sjå utfyllande informasjon, inkludert søknadsskjema og prosedyrar for tilskot til natur- og miljøtiltak.

Spesielle omsyn

Alle kan søke på begge ordningane. På grunn av sein utlysing forventar vi ikkje at prosjekta skal gjennomførast i løpet av 2021.

Dette er ei ekstra utlysing for 2021. Tilskot for 2022 vil lysast ut som normalt med søknadsfrist 15. januar.

Til toppen