Meir pengar til verneverdige bygg og anlegg

Våningshus i Sokndal, verneverdig bygning - Klikk for stort bildeVåningshus i Sokndal Tilskotsordninga til verneverdige bygg og anlegg har i år ei budsjettauke på 350 000 kroner. No får 48 ulike prosjekt til saman 1 565 000 kroner i tilskot.

Eigarar av verneverdige bygg og anlegg legg kvart år ned ein solid eigeninnsats i å ta vare på vår felles kulturarv, slik at den kan vere til glede for alle også i framtida.

Tilskotsordninga bidrar til å verna bygg og anlegg av særleg stor verdi. Ordninga har over tid gitt gode resultat og god nytte av midla som blir investert. Erfaringane viser at behovet for støtte er større enn tilgjengelege midlar i tilskotsordninga.

Auka budsjett

I budsjettet for 2022 er det sett av 1,5 millionar kroner i tilskot til verneverdige bygg og anlegg, noko som er ein auke på 350 000 kroner frå tidlegare år. I tillegg er 65 000 kroner frå eldre unytta tilskot til kulturminnetiltak for verneverdige bygg og anlegg overført til årets budsjett. Det betyr at tildelinga for 2022 er på til saman 1 565 000 kroner.

– Tilskotsordninga gjer sitt til å greie det nye nasjonale målet om at eit mangfald av kulturminne, kulturmiljø og landskap blir verna som grunnlag for kunnskap, opplevingar og bruk. Den auka budsjettramma er veldig positivt for at flest mogleg av søkjarane går i gang med sine prosjekt, seier Inghild Vanglo, leiar for regional-, kultur og næringsutvalet som vedtok fordelinga 3. februar.

Hjelp, ikkje fullfinansieringGrindverksløa ved Homse gård på Ognaheia i Hå, verneverdig bygning - Klikk for stort bildeGrindverksløa ved Homse gård på Ognaheia i Hå får et tilskot på 40 000 kroner. 

Målet med tilskotsordninga er å verna bygg og anlegg av særleg kultur- og/eller arkitekturhistorisk nasjonal, regional og lokal verdi. Ordninga er meint å dekke nokre av meirkostnadane ved vedlikehald og istandsetting etter antikvariske prinsipp. Ein meirkostnad er skilnaden mellom kostnaden til materialar og istandsetting av bygg slik ein gjer i dag, og med å bruke materialar og metodar slik dei ville gjort det då huset vart bygd. Det skal vere ei hjelp, ikkje ei fullfinansiering.

50 søknadar

Før søknadsfristen gjekk ut 1. november, kom det inn totalt 50 søknadar, som har ein samla søknadssum på 11,6 millionar kroner.

Støtte til restaurering blir i hovudsak gitt til utvendige tiltak. Tilskotsordninga er med på å gje forvaltninga eit overblikk over kva som rører seg hos dei mange eigarane av verneverdige bygg og anlegg i fylket.

Desse får tilskot:

Regional-, kultur- og næringsutvalet vedtok 3. februar følgande fordeling av tilskot for 2022 til verneverdige bygg og anlegg:

Tilskudd verneverdige bygg og anlegg
SøkarKommuneBygningTiltakTilskot
Casper LieBoknEldhusNytt tak30 000
Goran LjobojaGjesdalBolighusSkifte kledning40 000
Jan Arve TorgersenHaugesundDriftsbygningVestvegg25 000
Stiftelsen HaugesjøenHaugesundSjøhusInngangsportal30 000
Alf Magne MelkevikHaugesundBolighusSkifte tak30 000
Einar HangelandHjelmeland BolighusReparasjon tak 10 000
Arthur Kjetil SandvikHjelmeland Naust Rehab 10 000
Rannveig Laugaland FretteHjelmeland SagRehab30 000
Jon Helge HauskenHjelmeland LøeSkifte tak 50 000
Louis MessmerJærhusOmlegging tak 10 000
Haugelandsmuseet AS KarmøyDiverse reparasjonsarbeid80 000
Gunnar VeaKarmøySjøhusDiverse vedlikehold 30 000
Skudenes SjømannsforeningKarmøyFyrSkifte tak, skifte bærebjelker50 000
Steinar KarlsenKarmøySjøhusSkifte tak 20 000
Erling Magnus BergfjordKarmøyGårdsanleggReparere eldhus og utedo30 000
Stiftelsen Vigsnes GrubeområdeKarmøyGruveanleggSteinmurer30 000
Karmsund Maritime Kvitsøy AS KvitsøyHummerparkFasaderehab murer30 000
Crifo Eiendom ASKvitsøyHummerparkSikring og rehab90 000
Petter SirevaagLundBryggerRekonstruksjon30 000
Cato JansenSandnesBolighusRenovere tak 20 000
Espen HamreSandnesLysthusSøyler og løvsagsarbeider50 000
Christen MinosSandnesGårdsanleggDiverse reparasjonsarbeid40 000
Maud Helen LøvåsSandnesBolighusFasadetiltak20 000
Svein KalleliSandnesLøeTak, konstruksjon, vegger og golv30 000
Karoline LølandSaudabolighusNy dør10 000
Sauda Klubb AsSaudaForsamlingshusNye ytterdører40 000
Knut Henrik DagestadSokndalBolighusFasadetiltak30 000
Alf Torstein PettersenSokndalBolighusFasadetiltak70 000
Tove HervikStavangerBolighusVindu 10 000
Morten AskildsenStavangerbolighusVinduer40 000
Jone StaalesenStavangerBolighusReparasjon dør20 000
Hanne HelgesenStavangerbolighusVinduer/listverk20000
Cathrine GjertsenStavangerBolighusSkifte tak20 000
Øyvind LægreidStavangerbolighusVinduer og tak30 000
Gurpreet KaurStavangerBolig/næringSkifte vinduer40 000
Hanna Agnes Bentz van Den BergStavangerBolighusMale fasader20 000
Jan NormannStavangerForretningsgårdIstandsetting fasade40 000
Torild ForusStavangerBolighusTotal rehab40 000
Ole StangebyeStavangerBolighusRehabvinduer20 000
Olav HøilandStavangerBolighusVinduer og kledning40 000
Christen MinosStavangerBolighusNy dør10 000
Arild DigernesTimeBolighusRestaurere piper10 000
Helge MartinsenTimeBolighusRestaurere vindu, male huset60 000
Arnstein EekUtsiraBolighusVindu, kledning30 000
Christen MinosStavangerBolighusNy dør10 000
Helge MartinsenTimeBolighusRestaurere vindu, male huset60 000
Trygve SandvikVindafjordEldhusDrenering, sikring grunnmur20 000
Eli HauskenVindafjordNaust Istandsetting10 000
Liv Cecilie Kjeilen VindafjordHusmannsplassDiverse reparasjonsarbeid30 000
Paal ØyriFjellgardIstandsetting av driftsbygning 40 000

Informasjon om tilskot til verneverdige bygg og anlegg