Freding av bedehuset Bethel på Judaberg

Rogaland fylkeskommune sender no forslaget om freding av bedehuset Bethel på Judaberg ut på høyring. Høyringsfristen er 30. april 2024. 

Bedehuset Bethel på Judaberg. Foto - Klikk for stort bildeBedehuset Bethel på Judaberg foreslås freda. Høyringsfristen er 30. april 2024. Tor Øyvind Skeiseid

Bethel ligg austvendt, i eit landskap som skrånar ned mot fjorden. Bygget ligg i dag sentralt i busetnaden på Judaberg, men då Bethel blei oppført, på slutten av 1800-talet, var det ikkje mange hus på staden. Grunnen til denne plasseringa for Bethel, var nok fyrst og fremst nærleiken til dampskipskaien på Finnøy. Det Stavangerske Dampskipselskap blei etablert i 1855 og revolusjonerte måten ein kunne frakta varer og menneske på i Ryfylke. 

Historia om Bethel

Bakgrunnen for oppføringa av Bethel var dei mange vekkingane som skjedde i Ryfylke på andre halvdel av 1800-talet. Den viktigaste predikanten i området var Stavangerpresten Lars Oftedal, som frå 1874 reiste rundt på Vestlandet og heldt møte. Han var ein svært populær forkynnar og ingen lokale var store nok til møta hans. I 1875 stod hans eige bedehus Bethania ferdig i Stavanger. Allereie året etter blei huset utvida med ein stor ekstra fløy. Oftedal påstod at han kunne presse inn 3500 menneske i dette lokalet og Bethania var i si tid det største forsamlingslokalet i landet. 

Ein av stadene Oftedal gjorde sterkast inntrykk var på Finnøy. Oftedal snudde opp ned på folkelivet i bygda, og både unge og gamle vende om til Gud. Trongen for eit bedehus meldte seg og ein begynte å samle inn pengar for bygginga våren 1876. Soknepresten på Finnøy, Peter Johan Norman Meyer, ivra for å byggje eit stort bedehus på Finnøy og blei formann i byggekomiteen. Bygginga føregjekk frå 1876 til 1878, og det blei samstundes samla inn midlar til bygginga. Med ei stor budsjettoverskriding stod Bethel ferdig i 1878, og den 16. september blei det arrangert opningsfest. 

Inspirert av mellomalderen

Bethel skil seg, i ganske stor grad, frå dei andre bedehusa som blei oppførte i same periode. For det fyrste er det eit relativt stort bedehus. Dei fleste bedehusa som blei bygde på stader som Judaberg, var langt mindre enn Bethel. Men, Judaberg var ein stoppestad for passasjertrafikken med dampskip, og målet var at det skulle kome kristne frå store delar av Ryfylke for å gå på møte på Bethel. For det andre er Bethel bygd i stein, noko som var uvanleg. Årsaka til dette er at ein måtte sprenge vekk ein steinknaus på tomta som bygget skulle oppførast på. I tillegg kan ein ha late seg inspirere av dei mange steinkyrkjene frå mellomalderen i Ryfylke. Hesby kyrkje (Finnøy), Talgje kyrkje (Talgje) og Sørbø kyrkje (Rennesøy) er frå 1100- og 1200-talet og ligg alle i nærleiken av Judaberg. Byggekomiteen understreker også det symbolske ved Bethel; «Huset bygges af Sten og skal derved vidne for kommende Slægter om Guds-Ordet og Guds-Rigets Bestandighed».  

Formålet med fredinga

Formålet med fredinga er å sikre og bevare bedehuset Bethel som eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig døme på bedehus som blei oppført i Noreg frå midten av 1800-talet. Dei fyrste bedehusa i Noreg blei bygde i 1840-åra i Ryfylke i Rogaland. Bedehusa var knytte til rørsler innan lekmannskristendommen, som blei viktige i Noreg, frå Hans Nielsen Hauge fekk sitt religiøse kall i 1796. 

Frå midten av 1800-talet blei det oppført bedehus i heile landet, men tyngdepunktet var på Sørvestlandet. Bedehuset Bethel på Judaberg stod ferdig i 1878 og blei bygd på oppfordring frå Vestlandets store vekkingspredikant, presten Lars Oftedal frå Stavanger. Bethel er enno i bruk som bedehus og har frå oppføringa vore ein viktig samlingsplass for kristenfolket på Finnøy og i Ryfylke. Lekmannskristendomen, bedehusrørsla og vekkingstida har sett viktige avtrykk i den nasjonale historia og Bethel står som eit symbol på dette. 

Fredinga av området rundt Bethel skal medverke til å ivareta verknaden av kulturminnet i miljøet det ligg i.

Omfanget av fredinga

Fredinga etter kulturminnelova paragraf 15 omfattar: 

Bethel, freding etter kulturminnelova paragraf 15
Namn Kulturminne-ID Gnr./bnr. Bygningsnummer Omfatta av fredinga
Bethel 283523-1 126/5 172495982 Eksteriør og interiør (delar av interiøret er unnteke freding)

Fredinga omfattar ikkje to toalettrom i vestibylen (rom 04 og 05) og kjøkken i tilbygg (rom 03), jf. planteikning i forslaget til fredingsvedtak.
Dører inn til rom som ikkje blir freda blir omfatta av fredinga. Fredinga omfattar også den originale ytterdøra til Bethel, som no er under restaurering. 
 

Fredinga etter kulturminnelova paragraf 19 omfattar:

Bethel, freda etter kulturminnelova paragraf 19
Namn på område Kulturminne-ID Gnr./brn.
Område rundt Bethel 283523-2 126/5/33/43

Omfanget av fredinga er nærare skildra i dokumentene

Merknadar og innspel

Me ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Rogaland fylkeskommune, postboks 130, 4001 Stavanger, eller e-post firmapost@rogfk.no.