Nå kan arbeidet starte i Åkra sentrum

Arbeidet med å bygge ny rundkøyring og ny veg mellom sentrum, Engvegen og Tostemvegen i Åkra kan starte. Denne veka signerte Rogaland fylkeskommune kontrakt med Bertelsen & Garpestad as.

Illustrasjon over området som blir fornya i Åkra sentrum. Illustrasjon - Klikk for stort bildeBygginga i Åkra sentrum starter etter nyttår.

– Det har tatt lenger tid enn vi håpa før vi fekk signert kontrakt med entreprenøren, seier Ivar Kalkvik, prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune.

Kalkvik fortel at ein av dei to entreprenørane som leverte tilbod på å bygge nye vegar i Åkra sentrum klaga på tildelinga, og krevde såkalla mellombels åtgjerd då klaga blei avvist. Sør-Rogaland tingrett har behandla og avgjort saka.

– Den rettslege avgjerda betyr at Rogaland fylkeskommune har tolka anskaffingsregelverket rett, og vi kunne signere kontrakt med den entreprenøren vi meinte vann konkurransen, seier han.

Måtte utsette signering

Konkurransen for Åkra sentrum blei gjennomført i sommar og tilbodsfristen var 2. september 2022. Det kom inn to tilbod, og entreprenøren med lågast pris blei i tråd med konkurransereglane innstilt som leverandør. Ein av dei to entreprenørane klaga på tildelinga, og då Rogaland fylkeskommune avviste klaga, valde den aktuelle entreprenøren å fremje krav om mellombels åtgjerd mot fylkeskommunen.

Kravet var at fylkeskommunen skulle nektast å inngå kontrakt med valde leverandør.

– Det er klart vi ønskjer å unngå saker som dette. Det kostar tid og ressursar. Men det er også viktig at entreprenørane har denne moglegheita til å ivareta sine interesser etter lovverket. Nå er vi glade for å sette i gang med arbeidet i Åkra sentrum, seier Kalkvik.

I gang for fullt etter nyttår

Entreprenøren kan komme i gang med noko førebuande arbeid før jul, men bygginga kjem for alvor i gang på nyåret.

– Korleis påverkar forseinkinga arbeidet?

– Så lenge vi nå får starta opp, blir det ingen negative konsekvensar for framdrift i prosjektet, seier prosjektleiaren.

Nytt sentrum

Arbeidet i Åkra sentrum omfattar bygging av ny rundkøyring, ny veg mellom sentrum og Tostemvegen. Samla veglengd inkludert alle sidevegar er rundt 1,5 kilometer.

I tillegg blir krysset i dag i sentrum bygd om til rundkøyringar. Mellom rundkøyringa i Åkra sentrum og Tostemvegen ved Årsvollåna skal entreprenøren bygge ny lokalveg med ny rundkøyring for å kople saman tilførselsvegane og tilkomsten til Coop-tomta. I tillegg blir Engveien forlenga og kopla til den nye lokalvegen.

Les også:

Må utsette kontraktsignering i Åkra sentrum

No blir Åkra sentrum nytt – lyser ut arbeida på anbod

Til toppen