Må utsette kontraktsignering i Åkra sentrum

Planane for nye vegar i Åkra sentrum.

Ein av dei to entreprenørane som leverte tilbod på å bygge nye vegar i Åkra sentrum klagar på tildelinga, og har kravd såkalla mellombels åtgjerd då klaga blei avvist. Sør-Rogaland tingrett treng minst ein månad på å behandle saka.

For fylkeskommunen inneber åtgjerdsaka at ein ikkje kan signere kontrakten med entreprenøren som har fått tilbodet, før retten har teke ei avgjerd. Basert på fylkeskommunen si erfaring tek retten si behandling av saka minst éin månad. Ved ein eventuell anke må det reknast med ytterlegare forseinkingar.

– Vi beklagar at denne utsettinga har skjedd, men partane ønsker å ivareta interessene sine, og har i ei anskaffing rett til å bruke dei verkemidla som lova gir tilgjenge til. Vi håper dette løyser seg så snart det er mogleg, seier Ivar Kalkvik, prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune.

Lågaste tilbydar fekk tilbod om jobben

Konkurransen for Åkra sentrum blei gjennomført i sommar og tilbodsfristen var 2. september 2022. Det kom inn to tilbod, og entreprenøren med lågast pris blei i tråd med konkurransereglane innstilt som leverandør. Tilbydarane blei orienterte om dette i eit tildelingsbrev den 15. september.

Kalkvik fortel at ein av dei to entreprenørane klaga på tildelinga. Då Rogaland fylkeskommune avviste klaga, valde den aktuelle entreprenøren å fremje krav om mellombels åtgjerd mot Rogaland fylkeskommune, med krav om at fylkeskommunen skal nektast tilgjenge til å inngå kontrakt med valde leverandør.

– Sør-Rogaland tingrett har teke imot saka og vil behandle denne i tråd med prosessreglane for mellombelse åtgjerder, seier Kalkvik.

Nytt sentrum

Arbeidet i Åkra sentrum omfattar bygging av ny rundkøyring, ny veg mellom sentrum og Tostemvegen. Samla veglengd inkludert alle sidevegar er rundt 1,5 kilometer.

I tillegg blir kkrysset i dag i sentrum bygd om til rundkøyringar. Mellom rundkøyringa i Åkra sentrum og Tostemvegen ved Årsvollåna skal entreprenøren som vinn konkurransen bygge ny lokalveg med ny rundkøyring for å kople saman tilførselsvegane og tilkomsten til Coop-tomta. I tillegg blir Engveien forlengde og kopla til den nye lokalvegen.

Les òg: No blir Åkra sentrum nytt – lyser ut arbeida på anbod

Forklaring «mellombels åtgjerd»

Jusleksikon.no: Mellombels åtgjerd er eit omgrep i sivilprosessen som omtalar ei mellombels rettsavgjerd som inneber at den fysiske eller juridiske personen som avgjerda rettar seg mot, er forplikta til å unnlate, gjere eller tole nokmens ein venta påav ei meir omfattande rettssak om temaet.