1,4 millionar kroner til universell utforming

12 prosjekt som skal betre framkomst og auke kompetanse om universell utforming får til saman 1,4 millionar kroner i støtte.

Folk som går på sti. Foto - Klikk for stort bildeUniverselt utforma turveg er eit av tiltaka som får støtte. Øyvind Nesvåg

Informasjonsfilmar, turveg og heis

Ein av søkjarane som får tildelt middel er Stavanger turistforening. Ved å lage korte informasjonsfilmar som viser terreng i turløyper, skal dei gjere det lettare for folk å finne turar tilpassa behova til den enkelte.

Fleire av prosjekta gjeld installasjon av heis for å gjere klubbhus og lokale tilgjengeleg for alle.

Gjesdal kommune får støtte til å utarbeide ein universelt forma turveg til gapahuk ved Flassavatnet.

Tiltak som får støtte

Fylkestilskudd universell utforming 2023
SøkjarTiltakStøtte i kroner
Landbrukssenteret SASøknad om tiltak til heis150 000
Mastra HestesportklubbSøknad om tiltak til heis i nytt klubbhus150 000
Gjesdal kommuneUniverselt utforma turveg til gapahuk ved Flassavatnet120 000
Stavanger turistforening Informasjonsfilmar på UT.no120 000
Midtbygdens IdrettslagSøknad om tiltak til heis i nytt klubbhus200 000
Stavanger kommuneTiltak for kompetanseheving i universell utforming internt i kommunen25 000
Sandnes kommuneKartlegging av universelt utforma bygg i Forsand100 000
Veavågen SoknUniversell utforming av inngangsparti30 000
Islamske opplæringssenterBetre åtgang til forsamlingslokale47 500
Stavanger kunstforeningKunsthall Stavanger: likeverdig inngang til bygget207 500
Stiftelsen Karmøy FolkehøgskuleTilskudd til heis150 000
Eigersund RacketklubbUniversell utforming av racketsportanlegg100 000
Totalt1 400 000

Kort om tilskotsordninga

Tilskot til universell utforming skal bidra til at universell utforming blir lagt til grunn ved all offentleg planlegging og utforming av offentleg og privat tenesteyting, produkt og omgivnader. Det skal bidra til ei utforming og tilgjengelegheit for alle brukarar, og er eit ledd i oppfølging og gjennomføring av Fylkesdelplan for Universell Utforming i Rogaland.