Fylkeskommunen opprettar klimaråd

Tre personer smiler til kamera - Klikk for stort bildeSvein Erik Indbjo (t.v.), Hanne Marte Vatnaland (midten) og Inghild Vanglo (t.h.) var med å vedta nytt klimaråd for Rogaland i fylkestinget tysdag 22. februar. Dei skal alle tre delta i klimarådet, saman med Lasse Fredheim og Kjartan Alexander Lunde som ikkje var til stades på fylkestinget.Klimarådet skal vere ein politisk arena for å engasjere og mobilisere breitt rundt klimautfordringar i Rogaland, i tillegg til å følge opp og samordne klimaarbeidet i fylket.

Nokre av dei viktigaste oppgåvene for klimarådet blir å følge opp måla og innhaldet i handlingsplan for klimatilpassing og samordne arbeidet med den nye regionalplanen for klimaomstilling som nå startar.

Klimaråd Rogaland skal vere ein arena for å:

  • gi råd og innspel til utarbeiding av regionale klimaplanar.
  • sikre at prioriteringar og mål i vedtekne regionale klimaplanar blir følgt opp.
  • engasjere og mobilisere breitt rundt klimautfordringar i Rogaland.
  • bidra til større regional påverknadskraft i aktuelle klimasaker for Rogaland.

Klimarådet vil kunne bidra til at fylkeskommunen saman med kommunane arbeider meir systematisk med felles klimautfordringar på politisk nivå. Klimarådet vil òg kunne sjå til at organiseringa av fylkeskommunen sine ressursar til klimaarbeid blir mest mogleg heilskapleg og effektivt.

Klimarådets medlemmar

Klimarådet skal ha elleve faste medlemmar og vere samansett av fem fylkespolitikarar, fem lokalpolitikarar frå kommunane og ein representant frå Ungdommens fylkesråd.

Inghild Vanglo (Ap), Lasse Fredheim (H), Hanne Marte Vatnaland (Sp), Svein Erik Indbjo (FrP) og Kjartan Alexander Lunde (V) er valt til å representere fylkeskommunen.

Erik Fjeldheim er valt til å representere Ungdommens fylkesråd.

I tillegg vil éin representant frå kvar av dei fem regionane i Rogaland, Dalane, Jæren, Nord-Jæren, Ryfylke og Haugalandet, bli invitert til å delta i Klimarådet.

Ny regionalplan for klimaomstilling

Oppstart av planarbeidet med ny klimaomstillingsplan blei òg vedteke i fylkestinget tysdag 22. februar.

Klimaomstilling er eit av fire prioriterte langsiktige utviklingsmål i Regional planstrategi (2021-2024), og inneber behov for auka klimainnsats framover. Klimarådet vil ha ei viktig rolle i å støtte opp om dette målet og samordne arbeidet med den nye planen.

Tysdag 8. mars blir det gjennomført digitalt oppstartsseminar for klimaomstillingsplanen. Seminaret har mange spennande tema og foredragshaldarar og er ope for alle som ønsker å delta.