Til tider stengt veg ved Iglatjørntunnelen Rogaland fylkeskommune er i gang med å sikre fjellsida vest for Iglatjørntunnelen på fv. 46 ved Ropeid. Løyse blokker blir bolta og noko lausmasse blir reinska ned. Arbeidet vil ta omtrent fire veker, ut februar månad. Publisert av Eilin Tvedt Gundersen Publisert 31.01.2023 10.00 Iglatjørntunnelen fv. 46 ved Ropeid i Vindafjord kommune. – Når det er nødvendig stenger vi vegen i inntil éin time, men vi prøver å sleppe gjennom bilar så ofte som mogleg, om det står nokon og ventar, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune Svein Ove Stølås.