Set inn beredskapsbru på Skadsem

Rogaland fylkeskommune ventar på at nye Skadsem bru skal bli godkjent av Veidirektoratet. I slutten av veka blir ei beredskapsbru set ut. Brua ligg på fylkesveg 4480 i Klepp kommune.

en veldig kort bru med en bil som kjører over - Klikk for stort bildeSkadsem bru før ho blei skifta ut.

Den opphavlege planen var å byte kantdragarar, reparere undersida av brudekket, byte asfalt og asfaltere.

– Den gamle brua blei fjerna i april i år, då det viste seg at ho var for skada til å bli reparert. Ei ny bru blei bestilt, men godkjenninga frå Veidirektoratet trekker ut i tid. Derfor set vi inn denne brua i mellomtida, seier byggeleiar for bru John-Olav Kirkengen i Rogaland fylkeskommune.

Til toppen