Krysset utanfor Høyland kyrkje har blitt meir oversiktleg.‒ Ingrid Bratseth i Sandnes kommune ønska å gjere noko med krysset ved kyrkja, særleg sidan vegen er skoleveg. Ved hjelp av fylkestrafikksikkerheitsmidler (FTU-milder) og pengar frå det ordinære fylkevegbudsjettet, har vi i samarbeid gjort krysset mykje betre, seier Tarjei Åros Stinessen. Han er rådgjevar for trafikksikkerheit i Rogaland fylkeskommune.
Utbedringa består i betre inn- og utkøyring, betre avrenning, og ny asfalt på heile området. I tillegg er det montert sykkelsperre, ny asfalt på delar av gang- og sykkelvegen. Ny kantstein mellom parkeringsplassen og gangarealet gjer også at det er lettare å skilje dei mjuke trafikantane frå biltrafikken.
Godt samarbeid
Stinessen fortel at ein bonus med prosjektet er at fleire seksjonar i fylkeskommunen og kommunen har samarbeida om å få til løysinga, både drift- og vedlikehald, forvaltning og investering.
Fylkestrafikksikkerheitsmidler er pengar som kvart år nyttast til trafikksikringstiltak på kommunale og fylkeskommunale vegar i samband med skoleveg og i nærmiljøet der barn ferdast.