Opna 1900-rundkøyringa: - Det handlar om liv og helse!

Rogaland fylkeskommune har bygt rundkøyring i 1900-krysset på Bryne. Måndag klipte Ole Ueland snora for første gong som fylkesordførar. 

veopning 1900-krysset - Klikk for stort bildeOle Ueland klipper snora for første gang som fylkesordførar. Astrid Eide står bak, mens ordførar i Time, Andreas Vollsund og byggeleiar Roger Hoftun Eik held i kvar si ende av snora.

Vi har ein frykteleg ulukkesstatistikk, som vi ikkje kan leva med! sa fylkesordførar Ole Ueland då han markerte opninga av den nye rundkøyringa i Time.  

Nå håper han at rundkøyringa skal føre til færre ulukker, i alle fall i 1900-krysset.

1900-krysset ligg mellom Kvernelandsvegen (fylkesveg 506) og Garborgvegen (fylkesveg 505), rett aust for Bryne. Når T-krysset nå er bytta ut med ei rundkøyring, blir det meir oversiktleg og tryggare for trafikantane, for dei som køyrer, men særleg for dei som går og syklar.

I tillegg til sjølve rundkøyringa har krysset fått eit opphøya gangfelt. Det var ordførar i Time, Andreas Vollsund svært takksam for. 

Mange brukar denne vegen når dei går tur til Frøylandsvatnet, fortalde han. Ordføraren var også glad den gamle steinen med 1900-graveringa fekk vere med. 

Hindra av Hans

Astrid Eide, einingsleiar for veg og forvaltning i samferdsleavdelinga i Rogaland fylkeskommune forklarte kvifor Garborgvegen var stengt i ei veke lenger enn planlagt. Det var uvéret Hans som er råka vegprosjektet med mykje nedbør, og forseinka arbeidet. 

‒ Vi måtte bygge ein kulvert for Timebekken under fylkesvegen, og då måtte vi halde vegen stengt mens vi jobba. Nå har store mengder nedbør ført til forseinking i arbeidet, fortel 

11-åring på sykkel med blomebukett i sekken. - Klikk for stort bildeBlomene fekk plass i sekken. Første trafikant over gangfeltet etter opninga.

‒ Blomene får mor!

Tradisjonen tru, delte ordføraren ut blomer til første trafikant etter vegopniga. Dei gjekk til ein elleve år gammal timebu, som nytta gangfeltet på veg heim frå skulen. Buketten fekk plass i skulesekken, før mora skulle få han.

Fakta om rundkøyringa

  • kontrakt signert med Risa AS i midten av mai
  • kontraktsform har vore totalentreprise
  • sjølve rundkjøringa blei etablert i sommarferien
  • hovuddelen av byggearbeidet er utført i perioden 01.08–03.11
    Garborgvegen har vore stengt i 3-4 veker grunna bygging av kulvert for Timebekken
  • den nye rundkøyringa har tre armar
  • nytt opphøgd gangfelt i Garborgvegen
  • kostnadsramma er 19,7 millionar kroner