Nå passar Risa på fylkesvegane i Dalane

Fredag 1. september klokka 10.00 tok Risa AS offisielt over ansvaret for vedlikehald, reinhald og brøyting av fylkesvegane frå Sokndal i sør til Time kommune i nord.

to menn tar hverandre i hånda - Klikk for stort bildeProsjektleder i Rogaland fylkeskommuneTormod Eikeland tar prosjektleder i Risa Leif Tore Mellomstrand i hånda

Dette blei markert på rasteplassen på Hårr. Her var det ein fotoseanse med leiarar frå Rogaland fylkeskommune og Risa. Klokka 11.00 var det kaffi, kaker og talar på Kvassheim fyr.

– Risa har fleire driftskontraktar på fylkesvegnettet og vi har gode erfaringar med denne entreprenøren. Vi ser fram til å samarbeide med Risa dei neste fire åra, seier seksjonssjef i Rogaland fylkeskommune Eivind Stangeland.

Risa skal følge opp fylkesvegar og gong- og sykkelvegar i kommunane Hå, Bjerkreim, Sokndal, Lund og Egersund og delar av fylkesvegnettet i Gjesdal og Time. Til saman får entreprenøren ansvar for å drifte og halde ved like 637 kilometer veg, der 77 kilometer er gong- og sykkelvegar.

To menn i gule arbeidsklær står foran en kake - Klikk for stort bildeByggeleder Frode Reed og annleggsleder Gjøran Hamre i Risa

Risa var i 2003 den første private entreprenøren, som overtok ein driftskontrakt etter omorganiseringa i Statens vegvesen i 2003. Sidan har Dalanekontrakten hatt fleire entreprenørar, men no er Risa tilbake. Det er Mesta som har passa på vegane i Dalene dei siste fire åra.

Fylkeskommunen har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane i Rogaland. Med drift meiner vi oppgåver og rutinar som er nødvendige for at vegane skal fungere godt for trafikantane sitt daglege bruk. Drift og vedlikehald av fylkesvegane skjer gjennom driftskontraktar.

Les meir om kvifor Risa vann denne driftskontrakten.