Mykje nedbør held Garborgvegen stengt til 6. oktober

Rogaland fylkeskommune bygger ny rundkøyring i 1900-krysset. På gunn av mykje regn, blir fylkesveg 505 Garborgvegen stengt ei ekstra veke, til 6. oktober.

Slik blir den nye rundkøyringa i Time når ho står ferdig i slutten av oktober - Klikk for stort bildeSlik blir den nye rundkøyringa i Time når ho står ferdig i slutten av oktober.

‒ Vi bygger ein kulvert for Timebekken under fylkesvegen. Derfor har vi stengt vegen mens vi jobbar. Nå har store mengder nedbør ført til forseinking i arbeidet, fortel byggeleiar Roger Hoftun Eik i Rogaland fylkeskommune.

Vegen blir stengt til 6. oktober, og omkøyring er skilta.

1900-krysset ligg mellom Kvernelandsvegen (fylkesveg 506) og Garborgvegen (fylkesveg 505), rett aust for Bryne. Når ein nå bytter T-krysset med ei rundkøyring, blir det meir oversiktleg og tryggare for trafikantane.

Den nye rundkøyringa får tre armar. I Garborgvegen kjem også ein opphøgd felt der mjuke trafikantar kan krysse vegen.

Heile prosjektet med ny rundkøyring skal vere ferdig i slutten av oktober, som planlagt.

Risa AS er totalentreprenør for prosjektet.