Markerte at Elvegata er tryggare for mjuke trafikantar

Fylkesvaraordførar klyppa snora for å markere at det er tryggare for mjuke trafikantar sør i Elvegata i Sandnes.

Fredag 29. september markerte Rogaland fylkeskommune, saman med Sandnes kommune og entreprenørar, at sørenden av Elvegata er sikrare og betre for dei som går og syklar.

To strekningar i Elvegata er oppgradert. I tillegg til nytt fortau, utvida sykkelfelt og belysning ved fotgjengarkryssinga, har sjølve gata blitt oppgradert med nye røyr, kantstein og smågatestein i granitt og betongheller. Rundkøyringa i krysset ved Gjesdalveien er også utbetra, slik at han verkar fartsdempande.

Oversikt over nye sykkelfelt i Elvegata i Sandnes. - Klikk for stort bildeSørenden av Elvegata i Sandnes har fått nye sykkelfelt. Framleis manglar plantane.

Strekninga mellom jernbanebrua og rundkøyringa blei oppgradert i fjor sommar. Del to i prosjektet starta i mai i år. Til saman er cirka 200 meter av gata oppgradert.

Prosjektet kostar totalt 22,9 millionar kroner, og blir finansiert gjennom Bymiljøpakken. Halvparten av pengane kjem frå potten for trafikktryggleik og halvparten frå potten for sykkeltiltak.

Strekninga blir etter kvart ein del av ei samanhengande sykkelrute mellom sentrum og Oalsgata.

Fylkeskommunen har vore byggherre for begge prosjekta. Sandnes kommune og Otera Traftec har vore entreprenørar på del ein av prosjektet; Risa AS på del to. 

Fredag markerte fylkeskommunen og representantar frå Bymiljøpakken og Sandnes kommune at dei to strekningane er ferdige. Arne Buchholdt Espedal, leiar Utval for by- og samfunnsutvikling i Sandnes kommune og byggjeleiar Steinar Iversen frå Rogaland fylkeskommune heldt i snora som fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg klyppa. Astrid Eide, leiar for veg og forvaltning i samferdsleavdelinga i Rogaland fylkeskommune i bakgrunnen.

Sykkelfelta er breiare i sørenden av Elvegata i Sandnes.