Godt i gang med å legge granitt på Olav V's Plass

I Sandnes sentrum har bussvei-prosjektet lagt stein på Olav V's Plass i Sandnes sentrum sidan starten av november.  

Bilde av tinghuset og Olav V's Plass i Sandnes. - Klikk for stort bildeBussvei-prosjektet er godt i gang med å legge granitt på Olav V's Plass i Sandnes sentrum.

Når Bussveien kjem gjennom Sandnes sentrum, skal bussane gå over Olav V’s Plass, foran tinghuset og Kiwien. Store delar av Olav V’s Plass er allereie dekka med granitt. 

Seks tusen kvadrat 

‒ Granitten på plassen blir veldig fin. Steinleggarane har allereie kome langt, seier Espen Hauge stolt. Han er byggeleiar for bussveiprosjektet i Sandnes sentrum.

For å dekke heile området trengst seks tusen kvadratmeter med granitt. Arbeidet med steinlegginga starta første veka i november, i undergangen ved jernbanen. 

‒ Vi jobbar oss der i frå og mot Elvegata, seier Hauge.

Beklagar ulempene

Granittstein på Olav V's Plass i Sandnes. - Klikk for stort bildeOver Olav V's Plass i Sandnes kommer bussene til å kjøre på granitt.

Han beklagar ulempene for trafikantane i sentrum, men minnar om at litt av hensikta med å bygge Bussveien gjennom sentrum, er at det skal bli betre plass til mjuke trafikantar og mindre plass til bilar.

  • I Elvegata mellom Olav V’s Plass og Julie Eges gate har vi lagt til rette for tilkomst til parkering og varelevering i anleggsfasen. Det er berre dei som skal parkere i Elvegata, renovasjonsbilar eller dei som skal levere varer som kan køyre inn i Elvegata nå, og situasjonen blir den same når Bussveien er ferdig bygt. 
  • Undergangen under jernbanen mellom St. Olavsgate og Olav V's Plass er mellombels stengt, så alle som går og syklar må bruke dei andre undergangane i staden. For å komme til tinghuset, må mjuke trafikantar gå rundt, via Jernbaneveien og Vågsgata. Omlegging er skilta.  
  • Jernbaneveien fungerer i dag som anleggsområde, men tilsette ved tinghuset og politiet kan framleis køyre inn.
  • Utanfor læringssenteret startar vi arbeid dei første månadene på nyåret. Mot sommaren blir det meir anleggsarbeid sørover i Jernbaneveien. 
     

‒ Vi er takksame for at folk er tolmodige og følgjer omskilting. Dette blir veldig flott når alt er ferdig, så vi håpar innbyggarane blir nøgde, avsluttar Hauge.

Ikkje anleggsarbeid i jula

‒ Vi tar juleferie fra lørdag 23. desember, og starter ikke opp igjen før 2. januar, sier Hauge.