Fylkesveg 44 mellom Njærheim og Vigrestad får ny asfalt

Rogaland fylkeskommune har starta asfaltarbeid på fylkesveg 44 mellom Njærheim og Vigrestad. Det blir kvelds- og nattarbeid på strekninga fram til fellesferien.

Asfaltering - Klikk for stort bildeAsfaltering i Fjermestadvegen tidlegare denne veka.

‒ Vi starta med å frese på fylkesvegen torsdag kveld, og held fram med arbeidet frå måndag kveld 5. juni og fram til første veka i juli, fortel byggeleiar Aina Gry Solheim.

Arbeidet pågår mellom klokka 20.00 og 06.00 på kvardagar. Det blir ikkje arbeid i helgene.

Strekninga som får ny asfalt er 12,3 kilometer lang, og entreprenøren jobbar seg sørover frå Njærheim til Vigrestad.

Målet er å bli ferdig med asfaltjobben og få på vegmerking før fellesferien.

‒ Arbeidet kjem dessverre til å forårsake ein del støy når vi fresar vekk gammal asfalt før vi legg ny. Det kan også bli ein del venting for bilistar som skal forbi, seier Solheim.

Ho fortel at trafikkdirigentar er på plass der dei jobbar.

– Men når vi asfalterer er vi avhengige av tørt vêr. Kjem det regn må vi utsette arbeidet, forklarar byggeleiaren.