Feira ny miljøgate og gang- og sykkelveg i Vikedal

Fredag 2. juni strøymde folk i Vikedal til feiringa av ny miljøgate og gang- og sykkelveg i Vikedal sentrum.

bilde tatt frå fjerde etasje og ned på alle folka som kom til feiringa  - Klikk for stort bildeFolk i Vikedal strøymde til.

Med på markeringa var varafylkesordførar Arne Bergsvåg, leiar for veg og forvaltning i Rogaland fylkeskommune Astrid Eide og ordførar i Vindafjord Ole Johan Vierdal.     

– Gratulerer med dagen! Det er fantastisk å sjå så mange frammøtte. Det gjer ein ordførar stolt. Endeleg er miljøgata på plass, og det er inga hemmelegheit at han har vore etterlengta i lang lang tid, sa Vierdal i talen sin. 

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg var òg veldig glad for at så mange kom for å vise at dei set pris på den nye vegen.

– Dette vegprosjektet er som eit kinderegg med tre fordelar: Betre trafikktryggleik for mjuke trafikantar, tettstadutvikling og sentrumsutvikling, og så er det lokal verdiskaping, sa Bergsvåg.

Litt om prosjektet

  • 600 meter hovudveg og 1700 meter nytt tilbod for gåande og syklande i Vikedal på fylkesveg 46 i Vindafjord kommune.     
  • Miljøgatestandard frå brua til krysset opp til Movegen.     
  • Vi har bygd miljøgate gjennom Vikedal sentrum med fortau på begge sider.      
  • Vi har bygd universelt forma snarveg med oppheva kryssing av fylkesveg, for skoleelevar som skal frå skolen til idrettshallen.      
  • Bussterminalen er forma slik at skoleelevar får av- og påstiging på same side av fylkesvegen, utan kryssing.      
  • Vi har bygd gang- og sykkelveg frå Bjørkelunden opp til avkøyrselen til Søndenåfeltet, ei strekning som til no har vore utan tilbod for mjuke trafikantar. 
     

Kva er ei miljøgate?

Ei miljøgate er ein hovudveg i ein tettstad, som regel med gjennomgangstrafikk, med ulike fartsreduserande tiltak. Dette er tiltak som gjer vegen meir attraktiv for gåande og syklande og tiltak som forbetrar stadsutviklinga og det estetiske inntrykket.