Brannøving – Karmøytunnelen stenger onsdag kveld

Karmøytunnelen stenger onsdag 20. september på kvelden frå 20.00 til 24.00. Rogaland fylkeskommune skal, saman med Statens vegvesen og naudetatane, ha ei brannøving.

Tre brannmenn slukker en brann i en container i tunnel - Klikk for stort bildeFra en tidligere øvelse i en tunnel

Brannvesenet skal øve, helsepersonell og politi er invitert med som observatørar.

– Naudetatane får øve på det dei ønsker å trene på og blir godt kjent med tunnelen. Rogaland fylkeskommune skal teste sikkerheitsutrustinga og sørge for at han fungerer som han skal, seier Anna Hjørnevik Svensson som er tunnelforvaltar og brannvernsleiar i Rogaland fylkeskommune.

Øvinga startar på kontor der alle som deltek blir med på ein gjennomgang av det som skal skje. I sjølve tunnelen skal ein røykvogn som lagar kvit teaterrøyk gi erfaring med kor fort sikta forsvinn i ein tunnel. Rogaland fylkeskommune skal òg sjå på korleis ventilasjonen i tunnelen jobbar med å få røyken ut. I ein konteinar inne i tunnelen skal det vere brann som brannvesenet sløkker.

Fylkeskommunen er pålagd å ha jamlege felles øvingar for tunnelpersonalet og redningstenesta.