Bier kan få matstopp på busskur-tak

Grøne tak på busskur i Utrech, Nederland. Clear Channel Fylkestinget vedtok tysdag at fylkeskommunen skal betre forholda for bier og andre pollinerande insekt. Eit av tiltaka er grøne tak på busskur i byane.

Dei neste åra skal fylkeskommunen dermed sjå nærare på kva som gir best nytteeffekt: nye grøne tak på léskur, andre løysingar i tilgrensande grøntområde eller ein kombinasjon av desse.

– At insekt døyr er ein kritisk trussel som rammar heile økosystemet vårt. Utan insekt – inga pollinering av blomar, frukt og bær. Insekta er avgjerande for blant anna fuglelivet og for amfibium. Nettopp derfor må vi både gjere tiltak nasjonalt og lokalt, sa Venstrepolitikar Kjartan Alexander Lunde på fylkestinget tysdag.

Lunde viser til at fleire humleartar og bieartar i Europa har forsvunne, og at forsking viser ein samanheng mellom tap av desse artane og nedgang i talet på blomsterplantar til blant anna grønsaker, frukt og bær. Humler, bier og andre pollinerande insekt er naudsynt for at blomstrande plantar skal kunne formeire seg. 

Opsjon i neste kontrakt

Saman med alle partia utanom Folkets Parti og Framstegspartiet, stemde Venstre for at fylkeskommunen tek ansvar for å legge inn ein opsjon på mellom 10 og 30 léskur med grøne tak i neste periode for driftskontraktane for léskur på fylkesvegane. Ein opsjon kan takast ut av kontrakten utan at det får økonomiske konsekvensar for resten av kontrakten.

Talet på grøne léskur er ikkje avgjort, fordi det står att å vurdere behovet for Haugesund, Sandnes og delvis Stavanger sentrum. Arbeidet med å forme nye driftskontraktar for léskur langs fylkesvegane i Stavangerregionen og Bussveien er allereie i gang.

Fram mot neste driftskontrakt for léskur skal fylkeskommunen jobbe vidare med kva tiltak som eignar seg best for byane Haugesund, Sandnes og Stavanger, og kor mange leskur som er aktuelle. Fylkestinget blir orientert når prisen for nye driftskontraktar for léskur ligg føre. Dei nye kontraktane for léskur blir gjeldande i høvesvis 2023 og 2026.

Ser også på andre løysingar

Fylkestinget sitt vedtaket inneber òg at fylkeskommunen ser på andre løysingar i tilgrensande område, til dømes blomsterbed, digital kartoversikt over viktige område for pollinerende insekt og tett dialog med kommunane. Dette er aktuelt for dei tre største byane i fylket, Haugesund, Sandnes og Stavanger. 

Forslaget blei vedtatt med 38 mot ni stemmer.

Bakgrunn

Grøne korridorar med vegetasjon langs bynære strøk, saman med etablering av fleire matfat i sentrum, kan verke positivt på pollinerande bier i nærliggande jordbrukslandskap, der matproduksjon er sentralt. Sidan mange pollinerande insekt ikkje flyg stort lenger enn 150–200 meter på jakt etter nektar og pollen, er det viktig å spreie soveplassar, tilhaldsstadar for kvile og matfat jamt i byane, og dessutan til og frå nærliggande område. Ettersom léskur i sentrum er plassert i relativ nær avstand til kvarandre, er insektene i stand til å forflytte seg mellom dei. Grøne tak på léskur i kombinasjon med grøne naboområde og korridorar kan bidra til at pollinerande insekt blir leia ut og inn av bykjernen. Strategisk plassering av pollen- og nektarrik vegetasjon kan fungere som transportårer inn og ut mot større område med mattilgang, og bidra til at insekt finn vegen til jordbrukslandskap og andre beiteområde i nærleiken.