Betre for deg som går og syklar sør i Elvegata

Rogaland fylkeskommune skal oppgradere Elvegata mellom Gjesdalveien og Vågsgjerdveien. Strekninga er cirka 100 meter lang, og vegen blir stengt ved Essostasjonen frå 8.‒18. mai.

Bilde fra Elvegata, Sandnes - Klikk for stort bildeElvegata mellom de to bensinstasjonene blir oppgradert fra neste uke.

Hensikta er å gjere vegen meir trafikksikker og legge betre til rette for sykkel. Felta blir utvida, .

Dette er ein gamal veg med setningsskadar. No får vegen ei oppgradering, samtidig som det blir betre og tryggare for mjuke trafikantar, med utvida sykkelfelt og nytt fortau. Vi set også opp ny, intensivbelysing ved fotgjengarkryssinga, fortel Martin Braathen Granhaug, byggeleiar i Rogaland fylkeskommune.

Han fortel at rundkøyringa i krysset med Gjesdalveien blir utbetra, slik at han verkar fartsdempande. Trea som i dag står i midtrabatten blir fjerna, men erstatta.

Strekninga blir etter kvart ein del av ei samanhengande sykkelrute mellom sentrum og Oalsgata.

Lange arbeidsdagar

Bilde fra Elvegata. - Klikk for stort bilde

Det er Risa AS som utfører arbeidet. Entreprenøren ser for seg ei arbeidstid frå klokka 07.00 til 20.00, men enkelte dagar blir det også arbeid mellom 06.00 og 22.00, i tillegg til arbeid på laurdagar.

I perioden vegen er stengt blir omkøyring skilta via Vågsgjerdsveien, Gravarsveien, Høylandsgata og St. Olavsgate til sentrum.

Mjuke trafikantar følger skilta rute.

Prosjekt i Bymiljøpakken

Strekninga mellom jernbanebrua og rundkøyringa blei oppgradert i fjor sommar. Arbeidet som startar neste veke er del to i prosjektet som totalt kostar cirka 20 millionar kroner, og blir finansiert gjennom Bymiljøpakken. Halvparten av pengane kjem frå potten for trafikktryggleik og halvparten frå potten for sykkeltiltak.

Arbeidet skal vere ferdig i slutten av juli.

Sandnes kommune oppfordrar bilistar til å vere ute i god tid, køyre utanom sentrum eller aller helst å bruke kollektivtransport, sykle eller gå.