YAM-instruktør, Anne Lise K. Skogen, underviser elevane i mental helse.
– Programmet har vist gode resultat internasjonalt, blant anna viser ein studie at undervisningen førte til ein effektiv reduksjon av sjølvmordsåtferd med nær 50 prosent. Talet på nye tilfelle med depresjon blei òg redusert med nærare 30 prosent hos ungdommane som deltok i programmet, seier prosjektkoordinator for YAM-forskinga, Ragnhild Sæland.
Elevane på Bryne vidaregåande skole, Aron Orstad Friestad og Alexander Abrahamsen, synest det er positivt at dei får YAM-undervisning.
Youth Aware of Mental Health (YAM) er eit undervisningsprogram for elevar mellom 13 og 17 år som tek sikte på å auke kunnskapen om mental helse, utvikle sosial kompetanse og ferdigheiter til å handtere kvardagsproblem.
– Dei første sjølvmordstankane oppstår allereie ved skolestart viser forsking. Derfor har det blitt enda viktigare å jobbe førebyggande og helsefremmande med skoleelevar, seier Sæland.
Testast for første gong i Noreg
Nå skal effekten av YAM testast i Noreg for første gong, og forskinga finn stad i Rogaland. 400 elevar ved Bryne vidaregåande skole skal delta i prosjektet, medan elevar frå Dalane vidaregåande skal fungere som kontrollgruppe. Forskinga blir viktig for regjeringa sin nullvisjon for sjølvmord, som blei lansert i 2020. Nasjonalt senter for sjølvmordsførebygging anbefaler YAM til alle skoleelevar mellom 13 og 17 år som eit tiltak for å nå målet.
– Eg synest undervisninga var bra. Vi lærte om korleis andre har det og alt du kan gjere for å hjelpe, seier elev på Bryne vidaregåande skole, Aron Orstad Friestad.
– Mange synest kanskje det er skremmande å gå til kompisar for å spørje om hjelp. Eg trur undervisninga til YAM vil føre til meir openheit, legg klassekamerat, Alexander Abrahamsen Nese til.
Rektor på Bryne vgs, Ingunn Folgerø.
Rogaland er pilot
YAM-undervisninga gjennomførast over fem timar i løpet av tre veke og bli halde av sertifiserte instruktørar. Elevane får lære gjennom forelesingar, rollespel og diskusjonar. Programmet bygger på internasjonal forsking, utvikla av Karolinska instituttet i Stockholm og Columbia University i New York.
Resultata frå forskinga på Bryne vidaregåande skole vil vere avgjerande for å evaluere effekten av YAM-undervisning i Noreg og skal bidra til å utvikle betre tiltak for å redusere sjølvmordsraten blant unge.
– Eg synest det er kjekt at Rogaland er vald ut som pilot. Fordelen med å vere pilot er å få rask kjennskap til den nyaste forskinga. Nå håper vi forskinga har like stor effekt hos oss som ho har gjort internasjonalt, seier rektor på Bryne vgs., Ingunn Folgerø.
Aukande behov
Det er eit aukande behov for effektive psykiske helseførebyggjande program for unge. Folkehelseinstituttet rapporterer at 25 prosent av jenter på vidaregåande og 29 prosent av elevar på ungdomsskolen har psykiske helseplager. YAM har som mål å redusere liding blant unge og deira nærståande, og dessutan å gjere ungdommar betre i stand til å søke hjelp og støtte kvarandre. Det startar ofte med at "det er noko som ikkje er som det skal vere" i 14-15-årsalderen, ifølge unge menneske som slit psykisk.
– Det er mykje betre å snakke med vennar om problema sine, enn å halde dei for seg sjølv, seier Aron.