Temakart Rogaland

Temakart Rogaland er ein kartportal og eit samarbeidsprosjekt mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune, Kartverket og dei aller fleste kommunar i fylket.

Hovudmålet med Temakart Rogaland er å gi tilgang til ei rekke tematiske kartdata frå ulike kjelder, og i særleg grad karttema som er relevante for kommunal og regional saksbehandling. Her finn du alle relevante datasett som er inkludert i Det Offentlege Kartgrunnlaget (DOK). DOK-data er spesielt tilrettelagt for kommunane sitt plan- og byggesaksarbeid.

Gå til nettstad for kart i Rogaland

Vi hentar i hovudsak data direkte frå Geonorge som er nasjonal kartkatalog for offentlege kartdata. I tillegg finn du regionale plandata og andre relevante, regionale datasett. Det er også høve til å få tilrettelagt lokale datasett i kartportalen.

Rett til bruk av eksterne kartdata i Temakart Rogaland bygger på medlemskap i Norge digitalt. Les meir om Norge digitalt på kartverket si nettside