Areal- og naturrekneskap

Rogaland fylkeskommune presenterer no eit heilskapleg arealreknskap for alle kommunar i Rogaland. Målet er å vise korleis vi brukar areala i kommunane våre.

Arealrekneskapet knyter informasjon frå fleire ulike datakjelder saman for å gi ei samla oversikt for fylket om 

  • fordeling av arealtypar
  • areal som er tatt i bruk enten ved å vere utbygd eller opparbeida
  • planlagt arealbruk

Dette er informasjon som per i dag finst kvar for seg, men som arealrekneskapet synleggjer samla. Målet er å enkelt få fram kva type areal kommunane gjennom godkjende planar opnar for å omdisponere, og i kva omfang. Målet er også å gi ei generell oversikt over kva arealtypar vi har lite eller mykje av, og korleis vi har utnytta areala fram til i dag. I tillegg utarbeider modellen eit mål på antatt planreserve som i hovudsak vil bestå av jomfruelege delar av planlagde byggeområde som er vurdert å ha utbyggingspotensiale.

Vi har samla oversikt og lenke til kommunevise arealrekneskap i Temakart Rogaland. Dette finn du både som eit karttema i hovudversjonen av Temakart Rogaland og i ein forenkla versjon:

Gå til nettstad for kommunevise arealreknekap i Rogaland

Datagrunnlag og analyse

Informasjon om areal som er utbygd eller opparbeida er basert på Statistisk sentralbyrå (SSB) sitt datasett for arealbruk (2023). Vidare informasjon om arealtypar er basert på arealressurskarta AR5 og AR50. Planinformasjonen bygger på ein mosaikk av kommuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar. I tillegg er det i analysen brukt data frå Felles Kartdatabase (FKB) for tiltak, bygning og veg. 

Det viktig å presisere at arealrekneskapet er ein analyse, og at det ikkje erstattar offisiell statistikk på inkluderte tema. Det er kjente feil og manglar i dei datasetta som er brukt, samtidig er dette rekna som det beste datagrunnlaget vi har per i dag. 

Analysen er gjort etter modell frå Agder fylkeskommune, som gjorde eit førstegongsarbeid på denne typen arealrekneskap i 2022. Det siste året har analyseavdelinga der delt raust om både bruk av modellen og presentasjonsform. Dette har medført at fleire fylkeskommunar no er i stand til å presentere tilsvarande arealrekneskap både på fylkesnivå og kommunevis.

Antatt planreserve

Bakgrunn og føringar for første generasjons arealrekneskap for Rogaland 2023 indikerer ein antatt planreserve på ca 114 000 dekar, eller ca 16 200 fotballbaner, med utgangspunkt i dei forutsetningane som er gitt i modellen. Planreserven fordeler seg mellom anna på 48 200 dekar skog, 5000 dekar myr og 22 900 dekar dyrka mark. Arealrekneskapet og dei verktøya vi publiserer dette ut i, gir høve til å dykke inn i talgrunnlag og visualisering i kart for å oversikt over – og forstå – korleis areala er i bruk i dag og korleis dei er tenkt brukt. Analysen går ikkje inn i potensiale for transformasjon og fortetting, og det er framleis behov for å diskutere kva som ligg i tala. Vi håpar modellen gir eit godt grunnlag for ein slik diskusjon.

Vidare arbeid med arealrekneskap

NYVEST

Arealrekneskapet for 2023 inneheld ingen informasjon om naturverdi eller naturtypar utover å nyansere arealtypane med eigenskapar som er registrert i arealressurskarta. I februar lanserte Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO), SSB, Miljødirektoratet og Kartverket i fellesskap «Grunnkart for bruk i arealregnskap» i testversjon. Det er likevel eit behov for å utvide arealrekneskapet med heilskapleg naturinformasjon, og Rogaland fylkeskommune skal blant anna samarbeide med Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar, Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) og Vestlandsforsking for å få til dette gjennom prosjektet NYVEST støtta av Forskningsrådet.

KS-prosjekt

Vi er også med i ei vidareføring av KS sitt forprosjekt om utvikling av areal- og naturrekneskap, «Naturkunnskap i planlegging – utvikling av regnskapsverktøy for kommunesektoren.» som har første samling 22.mai 2024. Alle kommunar er inviterte til å vere med, også i Rogaland.

Fylkeskommunen kan bidra med å publisere arealrekneskap

Fylkeskommunen bidrar gjerne med å publisere arealrekneskap for forslag til kommuneplan, spesielt for kommunar i høyringsprosess. Inntil vidare baserer vi dette på Agdermodellen sjølv om denne avvik noko frå malen Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) legg opp til gjennom sin nye rettleiar for utarbeiding av arealregnskap ved rullering av kommuneplan. Vi håpar likevel dette kan bidra til eit endå betre kunnskapsgrunnlag om både noverande og planlagt arealbruk i fylket vårt.


Ettersom utvikling innanfor arbeid med areal- og naturrekneskap skjer i stor fart set vi stor pris på tilbakemeldingar knytt til innhald og formidling av arbeidet. Fleire meiner at det vi refererer til som arealrekneskap i dag, heller er arealstatistikk og arealbudsjett, og at vi først har eit arealrekneskap når vi viser kva som er endra frå eitt tidspunkt til eit anna. Vi følger denne diskusjonen i ulike nettverk, og vil justere arbeidet vårt etter utviklinga innan dette feltet, samtidig som vi har fokus på kva som er unike forutsetningar i eige fylke. 

Aktuelle referansar

Gå til presentasjon av regionalt arealrekneskap i Microsoft Power BI

Gå til presentasjon av Agder fylkeskommune sitt arbeid med arealrekneskap

Les om NYVEST – Nyskapande metodar for naturkartlegging og arealrekneskap på Vestlandet

Les KDD sin rettleiar – Arealrekneskap i kommuneplan

Les NIBIO-rapport om Arealrekneskap som kartgrunnlag og arbeidsmetode

Les NINA-rapport om planlagt utbyggingsareal i Norge