Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei, Heiplanen

Preben Falck

Vedtatt i 2012.

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei er eit av ni prioriterte villreinfjell i Norge. Det er laga regionale planar for alle desse som er samla under www.villrein.no.

Regionalplanen for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei kalla Heiplanen, blei endeleg vedtatt og godkjend av fylkestinga i Telemark, Aust og Vest- Agder, Hordaland og Rogaland våren 2012. Miljøverndepartementet stadfesta planen våren 2013.

Planen omfattar 18 kommunar. I Rogaland er kommunane Suldal, Hjelmeland, Forsand, frå 1. januar 2020 Sandnes kommune, og Gjesdal med i planen. 

Hovudintensjonen med planen er å ivareta samanhengjande leveområde for villreinen samstundes som det blir lagt til rette for bygde- og næringsutvikling i bygdene rundt heiane.  Heiplansamlinga som blir arrangert kvart år er ein viktig regional- og lokalpolitisk, fagleg og sosial møteplass for å følgje opp intensjonane til Heiplanen.

Det er eit handlingsprogram til Heiplanen med satsingsområda bygde- og næringsutvikling, heilskapleg arealforvalting, kommunal planoppfølging og kunnskapsbasert planlegging og utvikling. Fylkestinga i Vestfold og Telemark, Agder, Vestland og Rogaland fylkeskommunar godkjende handlingsprogrammet 2020- 2023 i juni 2020.

Det er gjort ei vurdering (PDF, 2 MB) av gjennomføringa av handlingsprogrammet 2015-2018. 

Det er etablert ei arbeidsgruppe med fagfolk frå alle fylkeskommunane for å følgje opp handlingsprogrammet. Agder fylkeskommune har ansvaret for å koordinera arbeidet.

Dokumenter

Regional plan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (PDF, 7 MB)

Handlingsprogrammet 2020 - 2023 til Heiplanen (PDF, 2 MB)