Frå nedlagd symjehall til møteplass for ungdom

Eit nytt ungdomstilbod i den nedlagde symjehallen til Harestad skule er blant dei 15 prosjekta som til saman får 2,8 millionar kroner i støtte for å skapa meir levande og attraktive tettstader og lokalsamfunn. 

Møbler i et tomt basseng. Foto - Klikk for stort bildeDenne symjehallen blir møteplass for ungdom Randaberg24

 

Regional-, kultur- og næringsutvalget (RKNU) vedtok 21. mars tildeling av støtte til stedsutvikling. Støtta er fordelt på dei to tilskotsordningane «Fylkestilskot til stadsutvikling» (1 659 000 kroner) og «Tilskot til attraktive tettstader i distrikta i Rogaland» (1 237 000 kroner). 

Tilskot til stadsutvikling

Eit av prosjekta som får støtte er kartleggjing av mogleg bruk av tre historiske bygg rundt Veveriet i Ålgård sentrum. Byggja er blant anna tenkt som møtestadslokale for barn og unge etter skuletid. Også Randaberg kommune får støtte til gjenbruk av gamle lokaler. I eit nedlagt symjebasseng har dei som mål å skapa eit unikt tilbod til ungdomar. 

Også formidling av kunst er blant prosjekta som får støtte. Log Prosjekt og Design AS får 150 000 kroner i støtte til å utplassere ei kunstutstilling av Maria Kulikovska ved sentrale møteplassar i Sokndal kommune. Utstillinga skal synleggjere lokalhistorie og identitet, samstundes som ho vis fram tilknytinga kunstnaren har til heimlandet Ukraina. 

Fylkestilskudd til stedsutvikling 2024
SøkarTiltakTildelt beløp i kroner
Bekkens Bestanddeler, Utsira ANSVidareutvikling av Bekkens Bestanddeler, Utsira - del to151 500
Byen vår KopervikKunsthistorie-formidling i bysentrum52 500
Gjesdal kommuneGjenbruk av tomme sentrumslokale på Ålgård145 000
Haugesund kommuneFlotmyr bydel Haugesund 2024. Skapande møteplass. Gamle «Linjegodsterminalen»150 000
Hjelmeland kommuneFrå ord til handling Hjelmeland sentrum130 000
Hjelmeland kommuneStyrking av sentrum gjennom satsing på kunst, lokalmat, lokal kulturarv og tradisjonshandverk120 000
Klepp kommuneMiddel til gjennomføring av Rogalandsmodellen100 000
Log Prosjekt og Design AsArt in Nature150 000
Randaberg kommuneGjenbruk av gamle lokale100 000
Sandnes kommuneStedsutvikling Hana lokalsenter130 000
Sandnes kommuneMoglegheitsstudie Gamle Vågsgjerd150 000
Strand kommuneAttraktive offentlege byrom i Jørpeland150 000
Totalsum1 659 000

Attraktive tettstader i distrikta i Rogaland 

Attraktive tettstader i distrikta i Rogaland (tettstadsprosjektet) er eit av tiltaka for å nå måla i Utviklingsplan for Rogaland (Regional planstrategi 2021-2024). Formålet med prosjektet er å auka livskvalitet og styrkja busetjing, sysselsetjing og verdiskaping i distrikta. I årets tildeling er det Kvitsøy og Sokndal kommune som får støtte. 

Attraktive tettsteder i distriktene i Rogaland 2024
KommuneTildelt beløp i kroner
Kvitsøy537 000
Sokndal700 000
Totalsum1 237 000