Engasjement for ny regional kulturplan

Gruppearbeid for ny regional kulturplan - Klikk for stort bildeSamarbeid, kompetanseutvikling, prioritering, arenautvikling og mangfald er stikkord for kva som bør vera viktige tema i den nye kulturplanen.

Det er umogleg å ha kompetanse på alt, så her er me avhengige av hjelp frå fylkeskommunen. Og me opplever samarbeidet som godt, seier Åshild Marie Øverland, kultursjef i Sauda kommune.

 Utsegnet summerer opp mykje av det som blei sagt av innleiarar og deltakarane på oppstartssamlingane for Regional plan for kultur – Kulturfylket Rogaland 2024 – 2036.  Mange innspel og godt engasjement prega de to dagane i Stavanger og Haugesund.

Indeksar med viktig innsikt

Dei to samlingane, Sølvberget i Stavanger 7. juni og Staalehuset i Haugesund 8. juni, samla totalt rundt hundre engasjerte deltakarar.  

Forskar og statsvitar Kristine Persdotter Miland frå Telemarkforsking presenterte eit fersk kunnskapsgrunnlag. Ho la fram Norsk kulturindeks og Norsk idrettsindeks med detaljerte resultat frå Rogaland.

Kultur bidreg til attraktive samfunn

Kulturplanrådets leiar, Asle Rafdal, vektlegg den viktige rolla kulturen har i å bygga attraktive samfunn. Rune Thele, kultur- og næringssjef i Rogaland fylkeskommune peika på si side på korleis ein regional plan kan løfta viktigheita av kultur som regionalt politikkområde.

– Det er viktig at me i startfasen finn ut kva tema det skal jobbast med vidare i planprosessen, understrekar Jon Inge Zazzera, seksjonssjef for allmenn kultur i fylkeskommunen.

Alle innlegg og resultat frå gruppearbeid har blitt samanfatta og blir eit viktig grunnlag for planprogrammet som no skal utarbeidast og sendast ut på høyring mot slutten av året.

Vegen vidare 

Oppstartsmøta i juni blir ein del av grunnlaget for planprogrammet. Planprogrammet er ein «plan for planen» som mellom anna skal skildra utfordringar og moglegheiter og tema for den komande kulturplanen. Målet er at eit høyringsutkast til planprogrammet blir lagt fram for politisk behandling i fylkesutvalet 29. november. Deretter skal programmet ut på høyring før det blir endeleg godkjent av fylkesutvalet tidleg vår 2023.

Den endelege planen blir behandla av fylkestinget i slutten av 2024.

Les meir om planarbeidet for Regional kulturplan - Kulturfylket Rogaland 2024 - 2036