Stor iver etter å forbetre Rogalands vassmiljø

Opning av bekk, planting langs vassdrag og overvaking av fisk er blant dei 24 tiltaka som får totalt 2,1 millionar kroner for å betre vassmiljøet i regionen.

Elv gjennom norsk fjellandskap - Klikk for stort bilde Øyvind Nesvåg

Prosjekta som får støtte skal bidra til betre vatnkvalitet, god økologisk tilstand i vatn og auka kunnskap om tilstanden i vassdrag, kystvatn og grunnvatn.

– Det er høge søkjartal og fleire gode søknadar. Den store interessa for tilskotsordninga gjer at søknadsbeløpet overstig midla me disponerer, men me har gjeve støtte til så mange som mogleg, seier Anneli Vatshaug Jenssen, rådgjevar i plan-, miljø- og samfunnsavdelinga i Rogaland fylkeskommune.

(Les meir under videoen)

Kantvegetasjon og kunnskapsinnhenting

Tilskotsordninga er eit verkemiddel for å nå måla i regionalplan for vassforvalting. Planen er retningsgjevande for korleis me vernar vassmiljøet mot øydelegging, og korleis me kan forbetre og rette opp att miljøtilstanden der forholda ikkje er gode nok.

Les meir om regionalplan for vassforvaltning​​​​​​​

Eit av tiltaka som får støtte er planting av kantvegetasjon. Klepp kommune mottek 100 000 i tilskot for å plante tre og buskar langs vassdrag i dei åtte jærkommunane. Vegetasjon langs vassdrag bidreg til nedfall av insekt og næringsstoff som gjev mat til livet i vatna. Tre og buskar gjev òg skugge som hindrar uttørking og store svingingar i vatntemperaturen.

På Jæren er det tidvis stor mangel på vegetasjon langs vassdraga. Dette er eit viktig prosjekt som kan skapa ringverknadar ved å motivere fleire grunneigarar til å plante meir, seier Vatshaug Jenssen.

Kunnskapsinnhenting for å reetablere laks og aure i Tauvassdraget får også støtte. Tilbakeføring av fisken vil blant anna kunne bidra til reproduksjon av elvemusling. Den raudlista elvemuslingen, som reinsar opp mot 50 liter vatn i døgnet, lever nemleg som larve på fisken sine gjeller den første levetida.

Tiltak som får støtte i 2023

Tilskot til vassmiljøtiltak 2023
Søkjar Tiltak Tildelt beløp i kroner
Stavanger kommune, VAR Vassprøvetaking i tilførselsbekkar til Hålandsvatnet 30 000
Stavanger kommune, VAR Informasjonsfilm om eutrofiering 20 000
Randaberg kommune Restaurering og resultatmåling i Hålandsvatnet 29 000
Hå kommune Fysiske tiltak i Tverråna, Risabekken og Tjensvollbekken 150 000
Hå kommune Søknad om tilskot til ungfisketeljing i Håelva 65 000
Hå kommune Søknad om tilskot til prosjektering av tiltak i Varhaugselvane 181 000
Trond Ingve Ellingsen Vassmiljøtiltak, sedimentasjon, våtmarksfilter og bekketiltak 64 328
Klepp kommune/ Jæren vassområde Sjøaureprosjektet Rogaland: fleksiterksklar 100 000
Klepp kommune/ Jæren vassområde Aksjon kantvegetasjon 46 726
Klepp kommune/ Jæren vassområde Kartlegging av lagringsforhold for surfôr (Silosaftprosjektet) 118 260
Tysvær kommune Frivillige tiltak i landbruket - Haugalandet - Betre vassmiljø gjennom landbruket 26 000
Vindafjord Jakt og Fiskelag Åmselva - Kameraovervaking 29 750
Karmøy kommune Sjøaureprosjektet i Karmøy 100 000
Karmøy kommune Habitatkartlegging av utvalgte vassdrag i Karmøy kommune 100 000
Vindafjord kommune, Signe Theilmann Jensen Sjøaureprosjekt i Vindafjord -  Tiltak 100 000
Haugesund kommune, Inger Kristine Volden Habitattiltak i sjøaurevassdrag i Haugesund 2023 100 000
Tysvær kommune, forvaltning Habitatforbetrande tiltak sjøaure - Tysvær 100 000
Ryfylke vassområde v/Suldal kommune Habitatforbetrande tiltak, Frafjordelva 38 000
Ryfylke vassområde v/Suldal kommune Habitatforbetrande tiltak for sjøaure, Eidane 50 000
Ryfylke vassområde v/Suldal kommune Opning av bekkeløp ved Saudahallen/ klatrehallen. Kvednabekken, Sauda kommune 117 000
NORCE Norwegian Research Centre Kunnskapsinnhenting - reetablering av anadrom fisk i Tauvassdraget 164 936
Eigersund kommune Habitatkartlegging av sjøaurebekkar i Sokndal, Eigersund og Bjerkreim 2023 200 000
Eigersund kommune Tiltaksgjennomføring i sjøaureprosjektet i Dalane 2023 120 000
Eigersund kommune Tiltaksplan for Brynjebekken i Hellelands-vassdraget 50 000
Totalt 2 100 000