Bærekraftstempel til Sauda vidaregåande skuleSauda vidaregåande skule er no ein av 14 miljøfyrtårnsertifiserte skular i Rogaland. Publisert av Michelle Folgerø Publisert 25.05.2023 11.28 Sauda vgs vert sertifisert som Miljøfyrtårn. Frå venstre: hovedverneombod, administrasjonsleiar, rektor, Asbjørn Birkeland (Ordførar Sauda Kommune), driftsleiar og Roger Birkeland (konstituert kommunalsjef næring og samfunn). Lisa Jane Stornes 24. mai overrekte ordførar i Sauda kommune, Asbjørn Birkeland, diplom og plakett til skulen. Sauda vidaregåande skule har sett i verk fleire miljøtiltak innan energiforbruk, avfallssortering, transportutslepp og tilrettelegging for sykling. Ved å tilby "Berekraftig utvikling" som eit tverrfagleg emne som skal inngå i alle fag der det er naturleg, har skulen óg forplikta seg til langsiktig arbeid med å betre miljøet. Å vera miljøfyrtårnsertifisert inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen. Arbeidet skal bidra til auka merksemd og kunnskap om utslepp og miljøpåverknad frå eiga drift. Les meir om fylkeskommunen sitt arbeid med Miljøfyrtårn