Ei miljøsertifisering skal bidra til auka merksemd og kunnskap om utsleppa til drifta, og vere eit viktig verktøy for å redusere utsleppa i fylkeskommunen framover.
Stiftelsen Miljøfyrtårn driftar sertifikatordninga, og er Noreg sin mest nytta sertifikat for verksemder. Miljøfyrtårn er han fyrste nasjonale ordninga i Europa som er anerkjend av EU.
Fylkesadministrasjonen er miljøsertifisert
I 2018 tok dåverande fylkesordfører Solveig Ege Tengesdal (t.v) og dåverande klimakoordinator i Rogaland fylkeskommune Tara Botnen Holm (t.h) imot Miljøfyrtårndiplomet av varaordfører i Stavanger kommune, Bjørg Tysdal Moe (midten).I 2018 vart fylkesadministrasjonen i Rogaland fylkeskommune miljøsertifisert som eit Miljøfyrtårn.
For å få sertifikatet som Miljøfyrtårn må ein gjennom ei miljøsertifisering. Miljøsertifisering handlar om å gjere ei miljøkartlegging innanfor gitte kriteria; systemkrav, arbeidsmiljø, energi, avfall, transport og innkjøp. Og dessutan fylle ut ein klima- og miljørapport, som skal utarbeidast årleg etter sertifisering.