4,4 millionar til frivillige organisasjonar

4H Rogaland 4H Rogaland er ein av dei 39 frivillige organisasjonane i Rogaland som får totalt 4,4 millionar kroner til fordeling. 

Rogaland fylkeskommune fordeler kvart år tilskot til frivillige regionale organisasjonar innan det kulturpolitiske området i Rogaland. Tilskota skal verke til å gje organisasjonslivet i Rogaland gode og føreseielege vilkår. Det frivillige organisasjonslivet skal vere tilgjengeleg for alle, vere prega av mangfald og kunne arbeide fritt og sjølvstendig.

Ordninga vart lagt om og vesentleg forenkla i 2019, og årets tildeling er den andre etter dei nye retningslinene. Med dei nye retningslinene, vert det slått fast at organisasjonane sjølve bestemmer kva dei skal drive med da dette er frie midlar. Alle organisasjonar som er kvalifisert til støtte får det etter objektive kriteria utan nokon vurdering av formål eller type aktivitet.  

Regional-, kultur og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune har vedteke følgende fordeling: 

Tilskudd frivillige organisasjoner 2021
OrganisasjonTilskudd 2021
4H Rogaland163 441
DNT Edru livsstil Rogaland distrikt 33 457
Drama- og teaterpedagogene i Rogaland 18 486
Dyrebeskyttelsen Norge Nord-Jæren  34 577
Frelsesarmeen avd. Vestre divisjon, avd FABU  65 984
Hageselskapet Rogaland  89 670
Haugaland KRUK-KFUM-speidarar 84 007
Haugesund Turistforening 197 827
Indremisjonsforbundet i Rogaland  150 272
Islandsk-Norsk forening for Sør-Rogaland og Ryfylke 29 199
Karmsund mållag  3 518
Kvinnegruppa Ottar  19 740
LOP, Landsforbundet for offentlige pensjonister, lokallaget Sandnes og Jæren  25 843
Naturvernforbundet i Rogaland 71 211
Norges jeger og fiskerforbund, Rogaland  143 899
Normisjon region Rogaland  318 064
Norsk Luthersk Misjonssamband, avd region sørvest  436 987
Norske Kvinners Sanitetsforening Rogaland fylke 108 255
Rogaland Bedriftskunstforeningsråd  70 812
Rogaland Bygdekvinnelag  82 397
Rogaland Bygdeungdomslag  78 006
Rogaland Fylkeskunstlag  28 191
Rogaland Fylkeskystlag 53 625
Rogaland Historielag  109 423
Rogaland Husflidlag  90 700
Rogaland KFUK-KFUM-speidere  158 267
Rogaland Røde Kors med Flekkefjord by  248 381
Rogaland Skyttersamlag  122 412
Rogaland Teaterråd  40 543
Rogaland Ungdomslag  56 787
Rutebilhistorisk forening avdeling Rogaland  19 387
SAFFRO Samarbeidsutvalget for folkedans i Rogaland  34 283
Skogselskapet i Rogaland  27 071
Speidernes beredskapsgruppe Sør-Vest  79 204
Stavanger Turistforening500 000
Søndagsskolen Karmsund-Sunnhordland  60 390
Søndagsskolen Rogaland krets  249 776
Vesterlen krets av Norges Speiderforbund 187 822
Vestlandet Baptist ungdom  73 529
WarpCrew34 558
4 400 000

41 organisasjonar søkte om tilskot. Tilskota vert fordelt mellom dei kvalifiserte søkjarane ut frå talet på medlemmar under 26 år, talet på lokallag og driftsutgiftene siste år.

Søknadsfrist er 1. desember kvart år. 

Informasjon om tilskotsordninga