Tilskota frå denne ordninga vert normalt fordelt på grunnlag av data frå siste år, det vil høvesvis sei 2021 og 2022 for tilskota i 2022 og 2023. På grunn av koronasituasjonen har mange organisasjonar fått endra driftsføresetnadane sine vesentleg. Det vart difor gjennomført ei prøvesøknadsrunde i august 2021, og resultata derfrå viste til dels store avvik frå tidlegare års tildelingar. Regional-, kultur- og næringsutvalet vedtok difor i møte 7. oktober 2021 (RKNU-sak 65/21) å utvide grunnlaget for utmåling av tilskudd utvidet fra siste år til de tre siste år.
Som fylgje av dette, må søkjarane til ordninga levere opplysningar frå åra 2019, 2020 og 2021 i søknad om tilskot for 2023.
Organisasjonar som har søkt om tilskot enten for 2021, 2022 eller begge åra, treng ikkje levere særattestasjon på ny.
Ta gjerne kontakt med saksbehandlar for ordninga, Trond Bjørknes, dersom noko er uklart