185 millionar til idrett og fysisk aktivitet

Åkrahallen på KarmøyAnlegg for idrett og fysisk aktivitet i Rogaland får totalt 185 millionar kroner i støtte frå spelemiddel som er ein del av Norsk Tipping sitt overskot. Det er 30 millionar kroner meir enn i fjor.

Rogaland fylkeskommune har på oppdrag frå kultur- og likestillingsdepartementet fått ansvaret for å fordele pengane som kvart år blir stilt til disposisjon for bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Rogaland. 

Spelemiddel til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal bidra til infrastruktur som gir befolkninga moglegheit til å drive aktivitet, både i regi av den frivillige, medlemsbaserte idretten og gjennom eigenorganisert aktivitet.

30 millionar meir enn i fjor

I 2021 fordelte fylkeskommunen over 154 millionar kroner i spelemiddel til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Både ordinære anlegg (organisert idrett og fysisk aktivitet) og nærmiljøanlegg (eigenorganisert fysisk aktivitet) kan få tilskot frå spelemiddelordninga. Med nær 185 millionar kroner har Rogaland fylkeskommune i år fått eit rekordstort beløp, med ein auke på 30 millionar kroner.

– Det er gledeleg å sjå at andelen spelemiddel til Rogaland stadig aukar. Spelemiddel er avgjerande for utviklinga av anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Rogaland. Det bidrar til god folkehelse og dessutan betre levekår for befolkninga i regionen. Dei aller fleste av innbyggarane i fylket vårt vil på eit eller anna vis nyte godt av desse midla og dei anlegga som no blir planlagt og bygd, seier Inghild Vanglo, leiar for Regional-, kultur- og næringsutvalet. 

Søknader om 630 millionar

Til hovudfordelinga av årets spelemiddel har fylkeskommunen mottatt 523 søknader med eit samla ønske om 629 646 000 kroner. 157 søkarar får tilsammen tildelt 184 603 000 kroner.

Regional-, kultur- og næringsutvalet vedtok 2. juni følgande fordeling av årets spelemiddel: