Krava våre i byggeprosjekt

Rogaland fylkeskommune ønsker å vere eit fylke kor det er nulltoleranse for sosial dumping. Rogaland fylkeskommune skal kjempe mot arbeidslivskriminalitet, og stimulere til bruk av solide og seriøse aktørar.

Det skal vere eit konkurransefortrinn å vere ein seriøs aktør i marknaden, og det er vedteke eigne "seriøsitetsreglar" for byggeprosjekt der fylkeskommunen er byggherre.

Fylkesutvalet vedtok seriøsitetsreglar for byggeprosjekt der RFK er byggherre 19.04.2016. Fleire offentlege byggherrar har liknande reglar, og tendensen er at lokale reglar blir skjerpa mens ein ventar på samstemde nasjonale krav.

I arbeidet med seriøsitetsreglane slik dei i dag står fram, blei det teke utgangspunkt i retningslinjene laga av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Fylkesutvalet i Rogaland ønskte å gjere desse statlege krava enda strengare, og har skjerpa blant anna kravet til prosentdel lærlingar (minimum 15 prosent) og faglærte handverkarar (minimum 50 prosent) og dessutan talet på ledd underleverandørar (berre eitt ledd).

Fylkeskommunen er òg i dialog med A-krim Rogaland (Arbeidstilsyn, Nav, politi, kemner og skatt) som driv aktivt tilsyn på byggeplassar og arbeid mot sosial dumping. Det blir forventa tilsyn på større fylkeskommunale byggeprosjekter.

Regelverket kan reviderast i tråd med endringar i lover og forskrifter, slik reglane til ein kvar tide er eigna til å nå målsetninga om nulltoleranse for sosial dumping. Endringar skal godkjennast av fylkesutvalet.

Les dei detaljerte seriøsistetskravene til byggeprosjekt i Rogaland fylkeskommune