Vinterstengde vegar opnar igjen

Datoane for opning av dei vinterstengde fylkesvegane er no klare.

Brøytebil som freser snø på fylkesveg 520 Saudafjellet - Klikk for stort bildeArbeidet med å brøyta fylkesveg 520 har gått greit. Vegen opnar for trafikk igjen 15. mai. Tor Arne Lillesund/Rogaland fylkeskommune

Kvart år blir ei rekkje vegar og fjellovergangar stengd for vinteren. No er det klart når dei vinterstengde vegane i Rogaland og Agder opnar:

  • Fylkesveg 520 Saudafjellet frå Breiborg til Røldal: onsdag 15. mai klokka 14.00
  • Fylkesveg 4224 Lysevegen mellom Sirdal og Lysebotn: måndag 13. mai klokka 12.00
  • Fylkesveg 450 Suleskardvegen mellom Suleskar og Brokke: tysdag 21. mai klokka 12.00

Saudafjellet

Fylkesveg 520 Saudafjellet skal etter planen opne for trafikk onsdag 15 mai klokka 14.00.

Tor Arne Lillesund er leiar for drift og vedlikehald Nord-Rogaland i Rogaland fylkeskommune. Han opplyser at det har vore normale snørforhold på strekkjet denne vinteren. Difor går opninga vonleg som planlagd.

– Det er normale snøforhold. Dei ligg godt an til å bli ferdig med fresinga i tide. Me skal opp på fjellet og gjera ei siste vurdering, mellom anna av snøskredfare, saman med geologane før vegen opnar, fortel Lillesund.

Lysevegen

Brøyting og fresing av fylkesveg 4224 Lysevegen mellom Sirdal og Lysebotn har gått greit denne vinteren. Arbeidet med dette er no ferdig. 

Det siste som står att før opning på måndag er reinhald og fiksing av nokre mindre rekkverskader. Dette arbeidet skal også vera i rute.

–Me kjem til å opna vegen måndag 13. mai klokka 12.00, opplyser Per Magne Hindersland i Agder fylkeskommune.

Suleskardvegen

Opninga av fylkesveg 450 Suleskardvegen mellom Suleskard og Brokke opnar tysdag 21. mai klokka 12.00.

21. mai er første moglege opningsdato på grunn av vernereglar for Setesdal Vesthei, som skal sørgja for å ta vare på den sørlegaste villreinstammen i Europa.

Den vinterstengde vegen mellom Setesdal og Sirdal har vorte ei populær rute mellom aust og vest, og mange ser fram til opninga i mai kvart år.

– Denne vinteren har det vore litt mindre snø. Me er likevel ikkje ferdige med å fresa vegen endå. Det er relativt hard is på fleire stader over fjellet. Men me reknar med at vegen opnar tysdag 21. mai som planlagt dersom ingenting uventa skjer, seier byggjeleiar Runar Gautestad i Agder fylkeskommune, som har ansvaret for vegvedlikehald i Setesdal.

På grunn av vernereglane for villreinstammen skal vegen vera stengd kvar vinter frå og med 1. november til og med 20. mai.Det vil skje på følgjande datoar og begge møta er i Bokn Arena:

Desse reglane slår fast at vegen skal vera stengd kvar vinter frå og med 1. november til og med 20. mai.

Les forskrifta om vern av Setesdal Vesthei 

Kontaktpersonar

Byggjeleiar Sirdal, Per Magne Hindersland
Mobil: 97 05 16 61, e-post: per.magne.hindersland@agderfk.no

Byggjeleiar Saudafjellet, Tor Arne Lillesund
Mobil: 90 08 63 23, e-post: tor.arne.lillesund@rogfk.no