Utset å stenge Vika bru til 21. april

Rogaland fylkeskommune skulle stenge Vika bru frå tysdag 11. april til 4. mai, for å sette inn ei mellombels bru. Etter eit møte med Hjelmeland kommune, brannvesenet og bebuarar rundt brua er planen endra. Brua blir no stengt i perioden 21. april klokka 16.00 til 5. mai.

vegbane kor ein liten del er bru over ei elv - Klikk for stort bildeVika bru på fylkesveg 4678

Dette er nye tiltak som er sette inn:

  • Ekstra brannbil på Viganeset for å sikre brannberedskapen til Viganeset og Randøy.
  • Følgebil frå klokka 07.00 og utover kvelden, mellom Joker på Fister og busslomma i Fisterkrossen, og trafikkdirigentar i kvar ende.
  • Løyve frå Hjelmeland kommune / helsesjefen til å jobbe på søndag 23. april og 30. april. Då blir arbeid som lagar liten støy gjort. For å bli ferdig til 5. mai må entreprenøren jobbe søndagar.
  • Skoleskyssordning med hurtigbåt Ølesund- Sande (informasjon til foreldre kommers)

– Vi håper at Hjelmeland kommune, bebuarar og næringsliv ser at vi gjer det vi kan for å unngå å skape for store ringverknader for lokalsamfunnet under anleggsperioden, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune John-Olav Kirkengen.

Les meir om kvifor brua blir bytta ut

Kart som viser kor Vika bru ligg. - Klikk for stort bilde