Trafikkoffera sin dag

Torsdag 5. januar er årets minnedag for dei som omkom i trafikken i 2022. Trafikkoffera sin dag blir markert fire stadar i Rogaland med faklar og kors.

Bildet viser kors og fakler langs Arne Garborgs veg på Bryne i 2019. - Klikk for stort bildeMarkering av trafikkoffera sin dag på Bryne i 2019.

I fjor mista 12 personar livet i trafikken i Rogaland. Det er dobbelt så mange som i 2021. Totalt omkom 118 personar på norske vegar, mot 80 året før.

I fylket vårt har vi ikkje hatt så mange dødsoffer i trafikken sidan 2016, ifølge Trygg Trafikk.

Les gjerne meir hos Statens vegvesen om korleis ein tung ulukkessommar prega trafikkåret 2022

Minnast med lys og kors

I januar kvart år minnast dei som mista livet i trafikken året før.  

Klokka 15.00‒17.00 blir det lysmarkering på fleire vegar.

Ein fakkelboks blir tent for kvar skada trafikant i Rogalandstrafikken i 2022, og det blir sett opp eit kors for kvar trafikant som omkom. Om lag 300 blir skada i trafikken i Rogaland kvart år.

Lys- og korsmarkeringar

Lysmarkeringane ser du fleire stader i fylket:

  • Stavanger: E39 ved kulverten mot Ryfast
  • Haugesund: Karmsundgata
  • Egersund: sentrum
  • Bryne: Arne Garborgs veg

Fakkeltog og minnegudsteneste

Klokka 18.15–18.50 arrangerast fakkeltog til minne om trafikkoffera i 2022, både i Stavanger og Haugesund. Faklar blir delt ut før start.

Stavanger går fakkeltoget frå Paviljongen i Byparken til Frue kyrkje (Hetland kyrkje). I Haugesund går fakkeltoget frå Rådhusplassen til Vår Frelsers kyrkje.

Det blir minnegudstenester klokka 19.00–20.00 i Hetland kyrkje i Stavanger og Vår Frelsers Kirke i Haugesund.

Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi fram til klokka 21.00, i Bergeland bydelssenter i Stavanger og i kyrkjelydhuset i Vår Frelsers kyrkje.

Alle er velkomne.

Trafikkoffera sin dag blei første gong arrangert i Rogaland i 1990. Rogaland fylkeskommune, Trygg Trafikk, NAF og Statens vegvesen tok initiativet. Naudetatane, kirken, og fleire frivillige aktørar var også med. I dag blir det halde årlege minnemarkeringar for trafikkoffer i mange fylke i landet.

Trafikkoffera sin dag blir for halde å vise omtanke for dei pårørande og dei som blei skada i trafikken, og vi minnast dei som døydde etter ei tragisk trafikkulykke. Dagen er òg ei påminning til alle trafikantar om å ferdast omsynsfullt i trafikken. Samtidig er Trafikkofrenes dag ei markering av at trafikktryggleiksarbeidet stadig må prioriterast.

Til toppen