Espen Wathne Kolstø (til venstre) og Jan Gunnar Helmikstøl.
Ane Steingildra Alvestad og Øyvind Nesvåg
Medan Helmikstøl ønskjer å lære seg teknikken med å hogge villheller av skifer, vil Kolstø fordjupe seg i klassiske teknikkar som til dømes produksjon av smijernsrekkverk. Dette får dei no godt høve til, med 75 000 kroner i støtte kvar, frå Rogaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend for tradisjonshandverk.
Behov for fordjupning
Målet med utviklingsstipendet er mellom anna å bidra til å gje handverkarar i Rogaland ei moglegheit til fagleg utvikling innan bygnings- og fartøyvern, og å skape merksemd om betydinga tradisjonshandverkaren har for regionens kulturminne.
- Kunnskap om tradisjonshandverk er ikkje berre noko vi skal ta vare på – det er noko vi skal bruke og bygge vidare på. Dei som får stipend i år, viser at det er behov for fordjuping i eige fagfelt, og at læring ved kompetanseoverføring frå eldre tradisjonsberarar er viktig. Det gir håp for framtida, både for kulturmiljøa våre og for rekrutteringa til håndverksfaga.
Det seier Unni Fuglestad, leiar for Kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune.
Ei ekstra gulrot
Smeden Espen Wathne Kolstø i verkstaden sin på Karmøy.
Ane Steingildra Alvestad
– Dette stipendet er ein ekstra gulrot for tradisjonshandverkarar som ønskjer å utvikle seg sjølve, det gir det lille ekstra, seier smeden Espen Watne Kolstø (35).
Som liten gut kasta han spikrar inn i glørne, for så å ta dei ut og hamre dei flate. Han bygde si første smie då han var 18 år gammal, og var smed på hobbybasis i mange år før han reiste til Sverige og studerte smedfaget ved Järnakademien i Kramfors. Der jobba han óg som smed lærer i en periode etter utdanninga. For to år sidan flytta han heim igjen til Karmøy, etablerte eiga verksemd og jobbar no fulltid som smed. Og det er nok å gjere. Blant anna lagar han ulike rekkverk på bestilling, både i klassisk stil og med særeigne fasongar.
– Eg har nettopp bygd ut verkstaden min, og eg har varierte oppdrag. Målet mitt er å skape ei stabil verksemd der eg på sikt óg kan ha lærlingar, seier Kolstø.
Stipendet skal han bruke til å forske på tradisjonelle handverksteknikkar innan smedfaget, mellom anna ulike rekkverk-dekorasjonar, mønster og detaljar som tek mykje tid å lage.
Utkonkurrert av det moderne
– Det tradisjonelle handverket blir ofte utkonkurrert av det moderne, fordi det tek lengre tid å lage, og kostar meir. Eg skal utforske løysingar på korleis den tradisjonelle estetiske kvaliteten kan bevarast, samstundes som det blir laga på ein meir effektiv måte, fortel smeden som bokstavleg talt brenn for faget sitt.
– Enten det er stein eller stål, så vil dei teknikkane vi brukar i arbeidet vårt gjere at det varer i eit par hundre år. Vi er opptekne av å gjere arbeidet skikkeleg, seier Espen Wathne Kolstø.
(Artikkelen fortset under biletet)
Handverkar Jan Gunnar Helmikstøl heime på Heia i Strand kommune.
Øyvind Nesvåg
Lokal stein på taket
Jan Gunnar Helmikstøl (58) er ein allsidig og kunnskapsrik tradisjonshandverkar, og har gjennomført mange kurs – både som deltakar og kursleiar – mellom anna i nevertaking, tekking med never og torv, muring med naturstein og leire, lafting, vindusrestaurering og tekking med heller. For fem år sidan etablerte Helmikstøl sitt eige firma. Han har stor interesse for å lære om gamalt handverk, og av eldre tradisjonsberarar, og ønskjer samstundes å vidareformidle kunnskapen til yngre generasjonar.
– Dette stipendet er heilt fantastisk, og det er eit raust stipend som gjer at eg no kan bruke tid på å tileigne meg meir kunnskap. Når vi legg helletak møter vi ofte på utfordringa med at det ikkje finst nok skiferheller. Eg ønskjer derfor å lære meir, og å hogge ut hellene sjølv, seier Jan Gunnar.
Hogging av, og tekking med villheller på tak, er sentralt i byggjeskikken i Ryfylke. Det har blitt brukt på både hus, naust, låvar og uthus. Men det er stadig færre som meistrar dette arbeidet. Randøy i Ryfylke er ein av hovudstadene der det finst mykje skifer.
Ivrige tradisjonshandverkarar
Rogaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar blei etablert i 2022. I år kom det inn åtte søknader.
– Me er glade for at det i år igjen er fleire søkjarar til stipendet. Det tyder på at ordninga er meir kjent, og ikkje minst at me i Rogaland har ei bredde og fleire ivrige utøvarar innan tradisjonshandverket.
Utdelinga av årets stipend skjer under Fortidsminneforeningens bygningsvernmesse i Stavanger 13. september.
Les meir om utviklingsstipend for tradisjonshandverkarar