Stenger Garborgvegen til slutten av september

Rogaland fylkeskommune bygger ny rundkøyring i 1900-krysset. I samband med bygginga, blir fylkesveg 505 Garborgvegen stengt i to veker frå 11. september.

Slik blir den nye rundkøyringa i Time når ho står ferdig i slutten av oktober - Klikk for stort bildeSlik blir den nye rundkøyringa i Time når ho står ferdig i slutten av oktober.

‒ Vi skal bygge ein kulvert for Timebekken under fylkesvegen. Derfor må vi stenge vegen mens vi jobbar, forklarer byggeleiar Roger Hoftun Eik i Rogaland fylkeskommune.

Vegen blir stengt i cirka to veker, frå 11. september. Omkøyring blir skilta.

1900-krysset ligg mellom Kvernelandsvegen (fylkesveg 506) og Garborgvegen (fylkesveg 505), rett aust for Bryne. Når ein nå bytter T-krysset med ei rundkøyring, blir det meir oversiktleg og tryggare for trafikantane.

Den nye rundkøyringa får tre armar. I Garborgvegen kjem også ein opphøgd felt der mjuke trafikantar kan krysse vegen.

Heile prosjektet med ny rundkøyring skal vere ferdig i slutten av oktober.

Risa AS er totalentreprenør for prosjektet.