Seks omkom i trafikken i Rogaland

 I fjor mista seks personar livet i trafikken i Rogaland, mot fem i 2020. Totalt omkom 87 personar på norske vegar.

— Trafikkofras dag er ei viktig markering. Det er ein dag vi minnest dei som har omkomme i trafikken, og det er ei viktig påminning om at vi må fortsette arbeidet med trafikktryggleik. Vi har framleis store utfordringar i fylket vårt, og det er avgjerande å sikre ressursar til både infrastruktur og holdningsskapande arbeid. Vi har ingen å miste, seier Jonas Andersen Sayed som er leiar for fylkets trafikksikkerhetsutvalg.

For andre gong i nyare tid har færre enn 100 trafikantar omkomme på norske vegar. Statens vegvesen sine tal viser at 87 mista livet i trafikken i 2021, mot 93 i 2020.

Framleis innsats for sikkerheit på vegane

– Oppsummeringa gir grunn til optimisme. Men vi har ingen å miste og skal framleis jobbe knallhardt for å redusere omfanget av alvorlege trafikkulukker, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Ho slår fast at 2021-tala er noko over målkurva som er sett som ambisjon, med maksimalt 350 drepte og hardt skadde på norske vegar, med maksimalt 50 drepte, innan 2030.

– Så langt vi har tal for i 2021, ser vi òg ei positiv utvikling i tala for hardt skadde, seier Hovland.

Berre lysmarkering i Rogaland

På grunn av covid-19 blir det berre lysmarkering ved E39 i Stavanger på Trafikkofrenes dag i Rogaland, 6. januar. Det blir tent ein fakkelboks for kvar einaste trafikant som blei skada i rogalandstrafikken i 2021, og eit kors blir sett opp for kvar av dei omkomne. Minnegudstenesta og fakkeltoget er avlyst.

Færre drepte mjuke trafikantar

I 2021 omkom færre mjuke trafikantar – syklistar og fotgjengarar – enn året før. Mot 14 drepte fotgjengarar i 2020 var det i 2021 sju, mens det er to færre syklistar i 2021 med tre mot 5 i 2020.

Det er ikkje den same positive utviklinga blant dei hardt skadde, mjuke trafikantane, viser vegvesenet sine tal. Dette er alvorlege ulykker som i hovudsak skjer i byar og tettstadar og med tanke på ønske om at fleire skal sykle å gå er det viktig å finne årsakene til desse ulykkene.

– Det er òg store mørketal når det gjeld hardt skadde. Veldig mange av dei omfattande skadane på sykkel, til fots eller på el-sparkesykkel rapporterast ikkje til politiet. Derfor blir dei ikkje ein del av den offisielle skadestatistikken. Vi arbeider no med å få ei betre oversikt over desse ulykkene for å kunne velje betre løysingar og sørge for at det blir enda tryggare å ferdast langs vegane, seier Hovland.

Framleis best i Europa

Internasjonalt har Noreg i fleire år hatt den lågaste risikoen for å døy i trafikken i Europa – både målt opp mot talet på innbyggarar og talet på køyrde kilometer.

Det europeiske trafikktryggleiksbyrået – European Transport Safety Council –  si undersøking kjem ikkje før til sommaren, men det er grunn til å rekne med at Noreg framleis er blant landa med best trafikktryggleik i Europa òg i 2021.