Ryfylke-utmerking til Strand-rektor

Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen er vinnaren Pilt-Ola prisen 2023.

Erik Danielsen. Foto - Klikk for stort bildeErik Danielsen får årets Pilt-Ola pris. Her fotografert i Ryfylkehallen som han var ein viktig pådrivar for å få byggja. Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen

Fylkesordførar Ole Ueland delte ut prisen under Arena Ryfylke på Tau tysdag kveld. Det var ein stolt prisvinnar som tok imot Pilt-Ola statuetten.

Erik Danielsen frå Jørpeland står støtt bak utsegna «Me må prøva!». Etter to år som tilsett ved Strand vidaregåande skule, der han som avdelingsleiar stod i spissen for bygging av Ryfylkehallen, overtok han stillinga som rektor ved skulen. Han har leia skulen med ei tydeleg og trygg hand. Med Danielsen som rektor, har Strand vgs tatt over havbruks- og fiskeriutdanninga i Rogaland, og har hatt ei enorm utvikling på tal elevar ved skulen. Det var 340 elevar i 2007, og nå startar utbygginga for å kunna ta i mot 800 elevar og tre-fire år.

Populær rollemodell

Erik vågar å tenkja nytt og stort. Samtidig er han opptatt av verdisynet til skulen: «Å sjå det beste i den enkelte», det gjeld både tilsette og elevar. 

- Erik Danielsen er ein populær og omgjengeleg rollemodell, som byr på seg sjølv, vågar å stikka seg fram, tar rommet, men ikkje minst gjev rom og plass til dei som er rundt han, seier Eirik Moe som er leiar for juryen for Pilt-Ola prisen.

Bygginga av havbrukssenteret og Ryfylkehallen har vore eit godt samarbeid mellom både det offentlege og næringslivet, men det er ingen hemmelegheit at Erik har vore ein tydeleg og engasjert leiar ved begge prosjekta, heiter det i juryens grunngjeving. 

- Erik Danielsen vil ha fortgang og resultat, og gjev klar beskjed kva han meiner og kva han trur vil verka. Derfor har han lukkast som leiar og medmenneske, og er til inspirasjon for mange i og utanfor Ryfylke, seier Moe.

Kvifor ein pris i Pilt-Ola sitt namn?

Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Han arbeidde heile livet med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand (Pilt-Ola) seg eit namn som fekk kjendisstatus i Norge i første halvdel av 1800-talet.

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og andre, allmenne tiltak.

Juryen har bestått av Marianne Chesak, Magnhild Meltveit Kleppa, Hogne Fjellanger, Asbjørn Birkeland og Eirik Moe. Prisen er ein Pilt-Ola statuett som i si tid blei utforma av Svein Håvarstein.

Tidlegare vinnarar

Ryfylkealliansen, som deler ut prisen, er ei foreining med 175 offentlege og private verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke. Det er sjuande gongen prisen blir delt ut. 

Dei tidlegare vinnarane er:

  • 2017 Jon Arne Helgøy, skyssbåteigar i Helgøy Skyssbåt
  • 2018 Bjørn Moe, drivar av Mo Laksegard på Sand
  • 2019 Magnhild Meltveit Kleppa, politikar og Fylkesmann frå Hjelmeland
  • 2020 Jan Terje Vignes, drivar Lauvsnes Gartneri frå Finnøy
  • 2021 Gunvor Fiskå, drivar Ryfylke bakeri & konditori i Strand
  • 2022 Per Inge Fjellheim, dugnadsgeneral i Sauda