Pris til tilgjengeleg skolegard

Stangaland skole i Karmøy kommune får Tilgjengelighetsprisen for arbeidet sitt med å gjere leikeplassen og uteområdet tilgjengeleg for alle.

Frå venstre: rektor Tore Emberland, fylkesordførar Marianne Chesak og prosjektleiar Jan Arvid Sandvik. - Klikk for stort bildeTilgjengelighetsprisen 2022 er tildelt Stangaland skole på Karmøy. Frå venstre: rektor Tore Emberland, fylkesordførar Marianne Chesak og prosjektleiar Jan Arvid Sandvik. Øyvind Nesvåg

Den nye skolen i Kopervik blei teke i bruk dette skoleåret, og har plass til 700 elevar. Barneskolen har ein gjennomgåande svært høg kvalitet på uteområda med løysingar som gir eit variert tilbod tilgjengeleg for alle, meir enn det som er normalt for eit uteområde på ein skole. Uteområda på skolen er på ein fin måte kopla til turvegar i området, som gjer tilgjengeleg denne for heile befolkninga i Kopervik.

Rogaland fylkeskommunes Tilgjengelighetspris for 2022 tildelast derfor Stangaland skole i Karmøy kommune.

Alle kan delta

– Aktivitetsområde, apparat og dei ulike delane av leikeplassane er varierte og forma på ein slik måte at alle kan komme til, òg der det er høgdeforskjellar. Sjølv om ikkje alt utstyr kan brukast av alle, er det lagt opp til at alle kan komme til leikeområda, og bruke noko av utstyret og delta i samværet. Og leikeapparat er tilpassa rullestolbrukarar, fortel fylkesordførar Marianne Chesak under prisutdelinga i fylkestinget 13. desember.

Prosjektleiar Jan Arvid Sandvik og rektor Tore Emberland frå Stangaland skole tok i mot prisen som består av eit diplom og 50 000 kroner.

– Dette er eit prosjekt som vi er utruleg stolte av. Vi har hatt eit utruleg godt samarbeid med dei ulike etatane i kommunen, og vi er veldig stolte av det vi har fått til, seier rektor Tore Emberland.

Treng nokon som viser veg

Tilgjengelegheitsprisen tildelast enkeltpersonar, organisasjonar eller bedrifter som har gjort ein spesielt verdifull innsats for å skape eit universelt forma Rogaland. Dette kan vere i lokalmiljøet, kommunen eller i fylket. Universell utforming er utforming av produkt og omgivnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing og ei spesiell utforming.

– Rogaland fylkeskommunes arbeid med universell utforming handlar om å skape eit samfunn som inkluderer alle menneske, etter prinsippet om at det som er nødvendig for nokon er godt for alle. Det er behov for å få fram ei tydeleg felles forståing av kva eit universelt forma samfunn skal vere, og korleis dette kan skapast. Til dette treng vi nokon som viser veg gjennom dei gode eksempla, og ein pris som løftar fram desse, seier fylkesordføraren.

Informasjon om Tilgjengelighetsprisen

Tilgjengelegheitsprisen delast i år ut for tjueførste gong. Dei seks satsingsområda i Fylkesdelplan for universell utforming definerer prisen sitt virkeområde. Kriteria for prisen er kreativitet og nytenking for å oppnå universelt utformede tiltak eller løysingar. Desse må ha høg kvalitet og vere teke i bruk.

Her finn du informasjon om Tilgjengelighetsprisen

Til toppen