– Her har Tannhelse Rogaland fått på plass eit godt fagmiljø, som gir innbyggarane i Nord-Rogaland alle spesialisttannhelsetjenestene dei treng, sa fylkesordførar Marianne Chesak i talen si.
Tidlegare delte spesialistane lokale med Haugesund tannklinikk i Haraldsgaten 139. No har dei fått eigen klinikk som ligg i etasjen over. Gjestane som kom til opninga, blei vist rundt og fekk sjå tolv flotte behandlingsrom, operasjonsstove, samtalerom for psykologar og møte- og undervisningsrom. Klinikken har spesialistar i alle fagfelt:
- oral kirurgi
- oral medisin
- rotfylling
- tannregulering
- tannkjøttbehandling
- barnetannpleie
- ConeBeam CT – avansert røntgen for kjeven og hovudet
- prostetisk rehabilitering
- Eit team for dei som har ekstrem tannbehandlingsangst, eller har vore utsett for tortur og overgrep (TOO-team)
I 2021 tok spesialistane på Haugesund tannklinikk imot om lag 1350 tilvisingar frå både private og offentlege tannhelsetenester. Totalt fekk 163 104 personar undersøking, behandling og opplæring i godt tannstell i heile Rogaland.
12 flotte behandlingsrom.
Halv pris for unge som fyller 21 og 22 år
Tannhelse Rogaland varetek fylkeskommunen sitt ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. Oppgåvene er blant anna å gi gratis tannbehandling til prioriterte grupper. Nyleg fekk òg unge, som fyller 21 eller 22 år i behandlingsåret, redusert pris på tannbehandling. Eit overordna mål er å gi rett hjelp til rett tid og sette befolkninga i stand til å bevare tennar for livet.
Tannhelse Rogaland har no 35 tannklinikkar inkludert eit kompetansesenter med tre spesialisttannklinikkar og ei forskingsavdeling.