Ny gang- og sykkelveg mellom Tau og Jørpeland opna onsdag 21. juni

Onsdag 21. juni klokka 11.00–12.00 var det offisiell opning av ny gang- og sykkelveg mellom Solbakk og Grønevoll i Strand kommune. Med på markeringa var leiar for samferdselsutvalet Ole Ueland, leiar for veg og forvaltning i Rogaland fylkeskommune Astrid Eide og ordføraren i Strand kommune Irene Lauvsnes

Mann i dress klipper et bånd som er strekkt over den nye sykkelvegen - Klikk for stort bildeLeiar for samferdselsutvalet Ole Ueland klippa snora og opna den nye gang- og sykkelvegen. Til høgre holdar Strand-ordførar Irene heng Lauvnes i båndet.

– Vi har bygd eit trafikksikkert tilbod for syklistar og gåande mellom Solbakk og Grønevoll. No har syklistar god veg å sykle på mellom Tau og Jørpeland. Gang- og sykkelvegen kan òg bidra til at fleire reiser kollektivt frå pendlarparkeringa på Solbakk og gjennom Ryfast, fortel prosjektleiar Erlend Claussen.

– Dette er noko vi i Strand har venta på sida 1980-talet. Det har tatt 40 år. Vegen hadde verken lys, fortau eller sykkelsti inntil for få år sidan. No har vi fått både gatelys og sykkelsti. Dette er ein veldig stor dag, sa ordførar Irene Heng Lauvsnes.

Dette har vi bygd:

  • tre og ein halv meter brei og 3200 meter lang sykkel- og gangveg. Tre meter grøft skil sykkel- og gangvegen og fylkesveg 523
  • fire nye busslommer og sju avkøyrslar
  • eitt nytt kryss og to fe-undergangar er forlengde

Bjelland AS vann konkurransen om å bygge sykkel- og gangvegen i Strand kommune, som kosta rundt 60 millionar kroner eksklusiv moms.

sykkelveg som svinger rundt eit stort eiketre - Klikk for stort bildeDen store eika er 400 år gamal. gang- og sykkelvegen er bygd i ein bue rundt eika.

Tek godt vare på Kveldsbeleika

Langs den nye gang- og sykkelvegen står ei gammal eik som mange har eit forhold til. Ein bautastein som òg er verna står der og. 

– Vi har hatt med ein aborist både i planfasen og i byggefasen for å ta vare på eika. No har eika nok jord rundt seg til at ho kan trivast i åra som kjem, seier Claussen.

Treet er eit veterantre og er antakeleg over 400 år gammalt ifølge arboristen. Veterantre husar ulike artar av fuglar, flaggermus, insekt og andre virvellause dyr. Sjeldne sopp, mose og låg veks òg på slike tre. Treet har stor lokal kulturhistorisk betydning. Det er eit majestetisk tre som har gitt opphav til fleire mytar og segn.