Landets fyrste regionalplan for grøn industri

– Planen markerer eit betydeleg framsteg i arbeidet med berekraftig utvikling.

Kraftstasjon. Foto - Klikk for stort bildeBiletetekst: Utbyggjinga av Fagrafjell transformatorstasjon knyter den nye sentralnettleidningen frå Lysefjorden i Forsand til Nord-Jæren, og skal sikre nok straum til befolkninga i Sør-Rogaland og leggje til rette for vidare vekst. Øyvind Nesvåg

Rogaland fylkeskommune har utarbeidd landets fyrste regionalplan for grøn industri. Planen rettar seg mot areal- og kraftkrevjande verksemd, og vart vedteken i Fylkestinget 13. juni. 

– Planen markerer eit betydeleg framsteg i arbeidet med berekraftig utvikling. Den følgjer opp grønt industriløft, og bidreg til å forme framtidas industri i tråd med berekraftige prinsipp. Eg er stolt av at Rogaland går føre og viser veg ved å utarbeide denne planen, seier fylkesordførar Marianne Chesak.

Skal skape føreseielegheit og utviklingsmoglegheiter

Bakgrunnen for planarbeidet er nasjonale mål om å kutte klimagassutslepp med 55 prosent. Regionalplan for grøn industri skal leggje til rette for nye etableringar og nye arbeidsplassar, samstundes som ein vernar om natur og miljø. Rogaland har ambisjonar om grøn industrisatsing og planen stakar ut ei tydeleg strategisk retning for korleis ambisjonane kan nåast.

– Planen skal skape føreseielegheit og utviklingsmoglegheiter. Det er viktig å sikre at Rogaland har lokaliseringsmoglegheiter med rette eigenskapar for å nå opp i den internasjonale konkurransen om store etableringar innanfor areal- og kraftkrevjande industri, seier leiar for planarbeidet, Ola Saua Førland i Rogaland fylkeskommune.

Omfattande medverknadsprosess

For å sikre at regionen har ei felles forståing av situasjonen, har det blitt utarbeidd eit grundig kunnskapsgrunnlag. Gjennom ein inkluderande prosess med deltaking frå sentrale aktørar i heile fylket, har ulike perspektiv og synspunkt fått kome til uttrykk.

– Interessa for planarbeidet har vore stor, og fleire hundre personar har bidrege gjennom høyringsinnspel og arbeidsmøte. Det er tydeleg at planen har vore ønska av mange, seier Førland.

(Saka fortset under biletet)

Folk på konferanse. Foto - Klikk for stort bildeBiletetekst: Mange var til stades under høyringskonferansen for Regionalplan for grøn industri.

Regionalplanen byggjer på fem innsatsområde med målsetjingar og strategiar: 

  • grøn industriutvikling
  • klimaomstilling og livskraftig naturmiljø
  • krafttilgang og energiutnytting
  • gode lokaliseringsmoglegheiter
  • relevant kompetanse

Les Regionalplan for grøn industri – for areal- og kraftkrevjande industri som nettsidedokument