Her blir det asfaltert i Rogaland i år

Arkivfoto  Rogaland fylkeskommune bruker 114,7 millionar kroner på asfaltarbeid og merking av fylkesvegane i 2022.

Asfaltsesongen starta i byrjinga av mai og mange fylkesvegar i Rogaland får ny asfalt dei neste månadane.

– Arbeidet med å legge ny asfalt skjer heile døgnet. Asfaltarbeid er støyande, og eg forstår at arbeidet er forstyrrande for naboar. Grunnen til at arbeidet skjer også på kveldar og netter, er omsynet til trafikantane, fortel prosjektleiar Christian Gryte i Rogaland fylkeskommune.

Rogaland fylkeskommune har skrive fire kontraktar for asfaltering og fresing med tre entreprenørar: Velde Asfalt AS har fått kontrakten for Nord-Jæren og Dalane. NCC Industry AS har fått kontrakten for Ryfylke. Peab har fått dei to kontraktane i nord-Rogaland.

Dei tre leverandørane skal produsere og legge nesten 76 000 tonn asfalt.

Asfaltsesongen varer til godt ut på hausten, kanskje så lenge som november. Dette avheng av vêret.

Prosjektleiar Gryte ber publikum vise omsyn og følge skilting og dirigering.

– Ta omsyn til dei som jobbar langs vegane. Arbeidsfolk langs vegane er spesielt utsett for ulykker, poengterer han.

PS! Det kan bli endringar undervegs.

Her kjem det til å lukta nylagt asfalt

Her kjem det til å lukta nylagt asfalt
Fylkesvei Hvor
Fv 46 Kårhus - Ilsnes
Fv 46 Ølmedal - Kvaløy
Fv 46 Skipavåg - Vika
Fv 4736 Isvik - Malasevatn
Fv 4738 Asbjørnhaug - Vågane
Fv 520 Tysseland - Ås
Fv 511 Stangelandsgata til Havnegata (Kopervik)
Fv 4848 Tuestadvegen
Fv 4848 Norheimsvegen
Fv 4850 Storasundgata
Fv 515 Grinde - Skjoldastraumen
Fv 547 Håvik - Brekke
Fv 4620 Dalaker
Fv 4620 Østhusvik
Fv 4636 Kleppavegen
Fv 4638 Meling - Svines
Fv 4658  Døvika
Fv 4658  Fiskå
Fv 4664 Seldalsveien
Fv 4680 Randøy
Fv 4258 Rusdal
Fv 4258 Eik - Kjørmo
Fv 4320 Ørsdalen
Fv 4380  Hognestadvegen
Fv 4382 Bøvegen
Fv 44 Egersund sentrum
Fv 4414 Frafjordtunnellen
Fv 4492 Hanadalen
Fv 4496 Auestadsletta
Fv 4496 Noredalen
Fv 4498 Søredalen
Fv 450 Gilja - Dirdal
Fv 4506 Li - Hommersåk
Fv 4532 Forus - Vassbotnen
Fv 4548 Madlamark
Fv 4560 Kvernevik - Tasta
Fv 505  Frøiland
Fv 507 Bore - Reve
Fv 510 Rege - Sola
Fv 516 Vatnekrossen - Vatne
Til toppen