Heidrast for strandrydding

Ståle Pedersen har rydda nær åtte tonn søppel frå Haugalandskysten i år. For dette er eldsjela frå Karmøy tildelt Miljøprisen 2022.  

Ståle Pedersen frå Karmøy er tildelt fylkeskommunens Miljøpris 2022. Her med fylkesordførar Marianne Chesak.  - Klikk for stort bildeStåle Pedersen frå Karmøy er tildelt fylkeskommunens Miljøpris 2022. Her med fylkesordførar Marianne Chesak. Øyvind Nesvåg

– Ståle er eit lysande eksempel for alle dei frivillige som ryddar langs strendene og gjer ein heilt spesiell innsats. Vi kan vere glad vi har slike personar som Ståle, som går føre og viser at det går an – og at det nyttar. Utan frivillige, engasjerte folk som tek i eit tak, hadde strendene våre vore fulle av søppel, seier fylkesordførar Marianne Chesak under prisutdelinga i fylkestinget tysdag 13. desember

Ei skikkeleg eldsjel

Ståle Pedersen har drive aktivt med miljø- og solidaritetsarbeid i 40 år.

For å nemne noko tok han initiativ til at Sauda blei Noregs første Fairtrade-kommune. Han er aktiv i framtiden i våre hender og Besteforeldrenes klimaaksjon. Dei siste åra har han brukt mykje tid på strandrydding frå båt på Karmøy. Friluftsrådet Vest har stilt ein båt til disposisjon, og Miljøpatruljen Karmøy har køyrt avfallet til veging og levering.

– Dette er eit fantastisk arbeid, det blir lagt merke til og skaper engasjement. Det blir rydda avfall frå sjøen  året rundt. På holmar og øyer, i viker og bukter. I løpet av dette året reknar Ståle med at han vil ha samla heile åtte tonn med søppel, fortel fylkesordføraren.

Samarbeid og engasjement

Miljøprisen blir for gitt spesiell innsats for å ta vare på naturen og miljøet i Rogaland. Dette kan vere, men er ikkje avgrensa til, innsats innan områda naturmangfald, forureining, klimagassreduksjon, naturrestaurering, naturformidling og klimatilpassing.

– Tusen takk for prisen. Det er stor stas og ei glede å få ein slik pris. Takk til alle som har vore med å bidra. Det er mange som hjelper med å halde strendene reine, så Karmøy sine strender er reine, seier den glade prisvinnaren.

Han nytta anledninga i fylkestinget til å komme med ei oppfordring.

– Eg held på med dette fordi eg er bestefar. Eg er veldig bekymra for dei som kjem etter oss, barna mine og barnebarna mine. Derfor er eg òg engasjert i besteforeldra sin klimaaksjon. Eg skulle ønske at fleire besteforeldre vil vere med å ta eit tak for dei som kjem etter oss, seier Pedersen.

Ståle Pedersen bur i Kopervik på Karmøy. Han er pensjonist, og vel å bruke tida på ei oppgåve som aldri tek slutt. Ryddinga blir gjennomført metodisk og grundig. Vik for vik. Holme for holme. Gjennom samarbeid med mange andre, både friluftsrådet, kommunane og enkeltpersonar, skaper dette eit stort engasjement.

Ståle Pedersen rydder søppel langs strendene med båt. - Klikk for stort bildeStåle Pedersen har rydda nær åtte tonn søppel frå Haugalandskysten i år. For dette er eldsjela frå Karmøy tildelt Miljøprisen 2022.

Informasjon om miljøprisen

Rogaland fylkeskommune sin miljøpris blir ut delt årleg til ei bedrift, frivillig organisasjon, offentleg organ, institusjon eller enkeltperson(er) som har gjort ein særskilt aktiv innsats for miljøet i Rogaland. Prisen består av eit diplom, eit kunstverk av ein kunstnar busett i Rogaland og 50 000 kroner. Frist for å foreslå kandidatar er 15. oktober kvart år.

Her finn du meir informasjon om miljøvernprisen