Har du farlege rundballar?

Visste du at rundballar som står for nær ein veg, kan gjera ei utforkøyring til ei dødsulykke? Det er viktig å passa på at rundballar og anna landbruksutstyr ikkje ligg i sikkerheitssona langs ein veg.

ti rundballar som står kun ein meter frå vegen - Klikk for stort bildeRundballar som står for nær vegen

– Treffer ein bil ein rundball i ei utforkøyring, er det som å køyra i ein bergvegg. I fleire ulykkesrapportar, som Statens vegvesen har laga, er dessverre rundballen årsaka til stor skade på bil og passasjerar. Fortel Ingrid Tau Strand Oanes som jobbar med veg- og arealforvaltning i Rogaland fylkeskommune. 

Forbod mot piggtråd

Oanes seier bøndene kan bidra til god trafikksikkerheit på to områder; gjerder og rundballar. Ho legg til at det ikkje er lov å ha piggtråd på gjerder langs offentleg veg.

– Piggtråd er særleg farleg for mjuke trafikantar ved ei utforkøyring, seier Oanes.

Fylkeskommunen arbeider for å oppnå 0-visjonen. Det vil seia at ingen blir drepne eller hardt skadde i trafikken. Langs fylkesvegane er det derfor sett ei sikkerheitssone for å hindra alvorlege ulykker. I sikkerheitssona skal det ikkje stå noko som kan vera farleg å køyra på, til dømes rundballar, tilhengjarar, konteinarar og anna landbruksutstyr.  

– Rundballar tiltrekkjer seg vilt som beitar på dei, og dei aukar også risikoen for viltpåkøyrslar, seier Oanes.

Fartsgrensa avgjer storleiken på sikkerheitssona

Kor brei sikkerheitssona skal vera kjem an på fartsgrensa og kor mykje trafikk det er på vegen. Sikkerheitssona går frå den kvite stripa i vegkanten. Denne tabellen viser breidda på sikkerheitssona ut frå fart og trafikkmengde.

sikkerheitssone
Tal på bilar i døgnet 50 km i timen 60 km 70 og 80 km 90 km
0-1500 2,5m 3m 5m 6m
1500-4000 3m 4m 6m 7m
4000-12000 4m 5m 7m 8m
12.000 og mer 5m 6m 8m 10m

– No er det snart vår og tid for å laga nye rundballar. Derfor minner me om at det faktisk er ulovleg å lagra ting langs vegen (veglovas § 30) utan særskilt løyve, seier Oanes.

Rogaland fylkeskommune bruker mykje tid på å få flytta rundballar som er plasserte i sikkerheitssona. Oanes trur mange bønder ikkje er klar over at det er ei sikkerheitssone langs vegane. 

– Dersom du lurer på kor mykje trafikk det er på vegen langs eigedommen din, eller har andre spørsmål rundt lagring langs veg, kan du kontakta fylkeskommunen på firmapost@rogfk.no, seier Oanes.

Dybdeanalyser av dødsulykker – UAG | Statens vegvesen)