Fylkesveg 450 Brokke-Suleskard opna søndag 21. mai klokka 12

Søndag 21. mai kl. 12 opna fv. 450 Brokke-Suleskard for sesongen. På grunn av vernereglane for villreinstammen skal vegen vera stengd kvar vinter frå og med 1. november til og med 20. mai.

Brøytebil som fresar opp snø - Klikk for stort bildeFrå brøytinga av vegstrekninga Suleskard–Brokke i 2023 Knut Stian Horverak, Agder fylkeskommune

– Det har vore relativt store mengder snø i fjellet, spesielt på setesdalsiden. Likevel opna me vegen søndag 21. mai som planlagt, seier byggjeleiar Runar Gautestad i Agder fylkeskommune. Vegen blir stengd for vinteren seinast måndag 31. oktober.

Villreinstammen

Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde har som eit av hovudformåla å ta vare på den sørlegaste villreinstammen i Europa. Vidare står det i forskrifta at vegen Brokke-Suleskard skal vera stengt i tidsrommet frå og med 1. november til og med 20. mai. Me kan heller ikkje starta arbeid med å brøyta vegen før 12. mai der vegen kryssar trekksona for villrein Vardsvatn-Kvislevassknuten.

Les Forskrifta om vern av Setesdal vesthei

Kontaktpersonar

Byggjeleiar Setesdal, Runar Gautestad
Mobil: 91 16 18 17, e-post: runar.gautestad@agderfk.no

Byggjeleiar Sirdal, Per Magne Hindersland

Mobil: 97 05 16 61, e-post: per.magne.hindersland@agderfk.no