Bragdpris til Jakob Ingebrigtsen

Jakob Ingebrigtsen er tildelt Rogaland fylkeskommunes Bragdpris. – Hyggeleg å bli sett pris på, seier 22-åringen som nyleg sikra sitt niande EM-gull.

Idrettsutøver Jakob Ingebrigtsen som er tildelt fylkeskommunens Bragdpris 2022 - Klikk for stort bildeJakob Ingebrigtsen er tildelt Rogaland fylkeskommunes Bragdpris 2022. JRS Sports Management

– Oi. Så hyggeleg. Det er veldig hyggeleg at det blir sett pris på det eg gjer, svarte Jakob Ingebrigtsen når fylkesordføraren i førre veike ringde Jakob for å fortelje om prisen og inviterte til prisutdeling i fylkestinget.

Sist søndag sikra han sitt niande EM-gull, under EM i terrengløp i Italia. Jakob var tysdag ikkje komme heim frå derifrå, derfor var det søskena Kristoffer og Ingrid Ingebrigtsen som tok i mot prisen på Jakobs vegne i fylkestinget 13. desember. 

Stolt av å være fra Sandnes

Prisutdeling med tre personer - Klikk for stort bildeKristoffer og Ingrid Ingebrigtsen som tok i mot Bragdprisen på vegne av Jakob Ingebrigtsen i fylkestinget 13. desember. Øyvind Nesvåg

– Jakob ville gjerne vore her og teke i mot prisen sjølv, så på vegne av Jakob vil vi takke fylkesordførar og alle andre som har vore med på å bestemme at Jakob skal få akkurat denne prisen. For Jakob er det viktigast i verda å prestere best på friidrettsbanen. Men at han kan inspirere andre betyr òg mykje for han. Og Jakob er stolt av å vere frå Sandnes og Rogaland. Tusen takk for denne gjæve prisen, sa søster Ingrid Ingebrigtsen i fylkestinget.

Rogaland fylkeskommunes Bragdpris er ein honnør til ein person som har utført ein særskilt innsats. Prisvinnaren må ha markert seg ut over det vanlege nasjonalt og/eller internasjonalt i arbeidet sitt.

Verdas beste

Jakob Ingebrigtsen frå Sandnes er ranka som verdas beste 1 500 meterløpar av Det internasjonale friidrettsforbundet. Per februar 2022 har han verdsrekorden på 1500 meter innandørs, europarekorden på 1500 meter og 5000 meter utandørs. Jakob har i fleire år vore ein av Noregs beste friidrettsutøvar og ein del av Team Ingebrigtsen. I 2021 vann han OL-gull i Tokyo og blei av mange sett på som den beste norske friidrettsutøvaren gjennom tidene.

– ­Med stor innsats, tøffe prioriteringar, lidenskap og ein enorm stå-på-vilje, viser han at ein kan komme frå Noreg og Sandnes, og bli best i verda. På vegner av heile Rogaland, seier eg meg stolt og imponert av dei resultata han har oppnådd! Og med tanke på at han altså framleis berre er 22 år, må det vere lov å ha litt forventningar til framtida, sa fylkesordførar Marianne Chesak i gratulasjonstalen sin i fylkestinget.

Ein god ambassadør

Bragdprisen består av ein statuett av Kristoff Nasilowski og 100 000 kroner.

Me som deler ut prisen, legg dessutan vekt på at Jakob er ein god ambassadør for idrettsfylket Rogaland – og for Sandnes, ikkje minst. Vidare er han eit strålande forbilde for barn og unge som vil satse på idrett, rosar fylkesordføraren.

Her finn du informasjon om Bragdprisen og tidlegare prisvinnare