1,4 millionar kroner til universell utforming

12 prosjekt som skal betre framkomst og auke kompetanse om universell utforming får til saman 1,4 millionar kroner i støtte.

Folk som går på sti. Foto - Klikk for stort bildeUniverselt utforma turveg er eit av tiltaka som får støtte. Øyvind Nesvåg

Informasjonsfilmar, turveg og heis

Ein av søkjarane som får tildelt middel er Stavanger turistforening. Ved å lage korte informasjonsfilmar som viser terreng i turløyper, skal dei gjere det lettare for folk å finne turar tilpassa behova til den enkelte.

Fleire av prosjekta gjeld installasjon av heis for å gjere klubbhus og lokale tilgjengeleg for alle.

Gjesdal kommune får støtte til å utarbeide ein universelt forma turveg til gapahuk ved Flassavatnet.

Tiltak som får støtte

Fylkestilskudd universell utforming 2023
Søkjar Tiltak Støtte i kroner
Landbrukssenteret SA Søknad om tiltak til heis 150 000
Mastra Hestesportklubb Søknad om tiltak til heis i nytt klubbhus 150 000
Gjesdal kommune Universelt utforma turveg til gapahuk ved Flassavatnet 120 000
Stavanger turistforening Informasjonsfilmar på UT.no 120 000
Midtbygdens Idrettslag Søknad om tiltak til heis i nytt klubbhus 200 000
Stavanger kommune Tiltak for kompetanseheving i universell utforming internt i kommunen 25 000
Sandnes kommune Kartlegging av universelt utforma bygg i Forsand 100 000
Veavågen Sokn Universell utforming av inngangsparti 30 000
Islamske opplæringssenter Betre åtgang til forsamlingslokale 47 500
Stavanger kunstforening Kunsthall Stavanger: likeverdig inngang til bygget 207 500
Stiftelsen Karmøy Folkehøgskule Tilskudd til heis 150 000
Eigersund Racketklubb Universell utforming av racketsportanlegg 100 000
Totalt 1 400 000

Kort om tilskotsordninga

Tilskot til universell utforming skal bidra til at universell utforming blir lagt til grunn ved all offentleg planlegging og utforming av offentleg og privat tenesteyting, produkt og omgivnader. Det skal bidra til ei utforming og tilgjengelegheit for alle brukarar, og er eit ledd i oppfølging og gjennomføring av Fylkesdelplan for Universell Utforming i Rogaland.